Innstilt som kommunedirektør i Vik
Plus
Blant 15 søkarar er det Gunhild Berge Stang som er innstilt som ny kommunedirektør i Vik i Sogn.
Det får Firda stadfesta fredag ettermiddag, frå ordførar i kommunen, Roy Egil Stadheim (Ap).
– Vi har hatt 15 søkarar, og etter at to trekte seg, så sat vi att med 13. Etter å ha hatt mange gode rundar, så sat vi att med éin kandidat, som eg kan stadfeste er Gunhild Berge Stang, seier Stadheim.
Ordføraren understrekar at sjølve tilsettinga ikkje skjer før i kommunestyremøtet 26. mai. Men ordføraren har snakka med Berge Stang, og har informert at ho er innstilt som førstekandidat.
– Ho er også innstilt som førstekandidat frå inntillingsutvalet, og er den kandidaten Vik kommune vil gå for, fortel Stadheim.
Han omtalar den no avtroppande leiaren for Sunnfjord Utvikling som eit sterkt namn, og ein sterk kandidat.
– Det er det ikkje tvil om. Ho har dei kvalitetane vi har gått etter, seier ordføraren, før han fortel at det er fascinerande kor raskt innstillinga vart kjend.
– Eg var faktisk akkurat ferdig med å sende info om dette til kommunestyremedlemmene, så eg må seie at dette har spreidd seg fort.
Vik måtte på jakt etter ny kommunedirektør etter at det vart kjent at noverande kommunedirektør, Siri Fahlvik Pettersen, hadde varsla at ho gir seg.
Målet til kommunen var å få på plass ein ny kommunedirektør til starten av 2027, for å tilsette i god tid før kommunevalet og budsjettarbeidet startar.
Les meir her:
– Samtidig som eg gler meg, er det veldig vemodig