Herold

Habilitetsspørsmåla om Måsholmen

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Gunn M. Olsen, Raudt Kinn, nestleiar Eikefjord Published: 2026-05-15 15:25:10
Habilitetsspørsmåla om Måsholmen

Ny behandling av Måsholmen på grunn av habilitetsspørsmå reiser eit heilt avgjerande spørsmål: Kan svaret bli annleis dersom saka faktisk blir behandla på nytt - utan bindinger, press eller uklare roller? Det må det kunne, og vi må vere sikre på habiliteten. For dette handlar ikkje berre om formaliteter og juss. Dette handlar om tillit, natur, og kva ansvar vi tek for kommande generasjoner.

Når habiliteten blir trekt i tvil, svekkjer det tilliten til heile prosessen. og vi må kunne stole på at avgjerder om naturinngrep blir tekne på faglege og demokratiske grunnlag - ikkje ut frå eigne personlege interesser, nettverk eller politisk prestisje.

Når grunnlaget for vedtaket er svekka, må ein ha mot nok til å stoppe heilt opp og starte på nytt. Alt anna vil vil opplevast som ei overkøyring av både innbyggjarane og naturen.

Måsholmen er ikkje berre eit område som ventar på utbygging.

Det er eit sårbart naturmiljømed verdiar som ikkje kan byggjast opp igjen om dei først er øydelagde. Kvar gong leveområde blir bygde ned, pressar vi desse artane nærare utrydding. Då hjelper det ikkje med festtalar om berekraft og miljøansvar.

Raudlista artar er ikkje til hinder for utvikling. Dei gir eit varsel om at naturen ikkje toler endå fleire inngrep. Når raudlista område blir ofra bit for bit, mistar vi ikkje berre økosystemet - vi mistar og noko av ansvaret vårt for framtida. Kva slags samfunn er vi dersom vi veit at naturen er truga, men likevel vel å byggje ned dei siste restane?

Det handlar og om kva vi gir vidare til barna våre.

Skal dei arve levande fjordar, rikt fugleliv og ein natur som framleis pustar? Eller skal dei arve forklaringar på kvifor alt måtte byggjast ned fordi kortsiktig økonomi alltid vann over naturomsyn?

Naturen kan ikkje "nullstillast" når skaden først er skjedd. Ei øydelagt strandlinje, eit tapt gyteområde eller ein forsvunnen art kjem ikkje tilbake med nye politiske vedtak - dei er tapte.

Difor må ei ny behandlingav saka vere reell. Det held ikkje å late som om ein startar på nytt dersom konklusjonen allereie er bestemt. Skal saka få truverd må alle habilitetsspørsmål ryddast opp i, naturfaglege vurderingar lyttast til og alternative løysingar vurderast på alvor.

Det krev openheit, respekt for demokratiet - og respekt for naturen.

Å nullstille sakabetyr ikkje å viske ut konfliktane.

Det betyr å erkjenne at noko gjekk gale i prosessen, og å ha vilje til å behandle saka på nytt med reinare hender og ope sinn. Berre då kan folk ha tillit til at avgjerda faktisk er tekentil det beste for fellesskapet - og ikkje på kostnad av naturen vi skal overlate til dei som kjem etter oss

🏷️ Extracted Entities (1)

Måsholmen (entity)