FrP vil ha levande lokalsamfunn langs kysten. Då må vi og leggje til rette for arbeidsplassar
Plus
Måsholmen-saka handlar om mykje meir enn ein reguleringsplan. Den handlar om kva slags samfunn vi ønskjer å vere i framtida.
Dersom vi framleis skal ha levande lokalsamfunn langs kysten, så må vi og vere villige til å leggje til rette for næring, arbeidsplassar og verdiskaping. Det høyrest kanskje sjølvsagt ut. Men i stadig fleire saker ser vi no at naturvern og arealvern blir brukt som argument for å stoppe nesten all utvikling.
I Kinn kommune jobbar heile 72 prosent av dei sysselsette i privat næringsliv. Det er desse bedriftene og deira tilsette som skaper verdiane som finansierer skular, eldreomsorg, helsevesen og velferd. Utan dei hadde ikkje Kinn vore den kommunen vi er i dag.
Likevel verkar detsom om mange har gløymt korleis Florø faktisk vart bygd. Fjordbase kravde naturinngrep, Westcon kravde naturinngrep, industrien i Gunhildvågen kravde naturinngrep, og skipsverft, oppdrett, hamner og industri langs heile kysten kravde bruk av areal og naturressursar.
Dersom mangeav dei same stemmene som no kjempar mot Måsholmen hadde styrt utviklinga for 30 eller 40 år sidan, så er det grunn til å spørje om fleire av dei største arbeidsplassane i Florø i det heile tatt hadde fått etablere seg. Og korleis hadde Florø sett ut då? Kor mange arbeidsplassar hadde vi hatt? Kor mange ungdommar hadde blitt buande? Kor mange butikkar, idrettslag og kulturtilbod hadde overlevd?
Sanninga er at utan vilje til å utvikle næring, så hadde vi truleg allereie vore eit samfunn prega av fråflytting og stagnasjon.
Kinn FrP meiner ikkjeat vi skal seie ja til alt. Sjølvsagt ikkje. Natur har verdi. Men vi meiner og at lokalsamfunn, arbeidsplassar og framtidstru har verdi. For kva er eigentleg poenget med å sitje igjen med vakker og urørt natur dersom det til slutt ikkje bur folk igjen her som kan leve av den, bruke den eller nyte den?
Det som gjer denne saka ekstra alvorleg, er at det allereie i dag er blitt nær sagt umogleg å ta i bruk nytt areal langs kysten. Kinn kommune har dei siste åra opplevd massive innsigelser, krav og avgrensingar frå statlege og regionale myndigheiter. Areal blir bandlagt. Næringsområde blir reduserte eller stoppa. Bustadområde blir tatt ut. Nye krav kjem stadig til. Resultatet er at det blir stadig vanskelegare å etablere ny næring, vidareutvikle eksisterande bedrifter og skape framtidige arbeidsplassar i kystkommunane.
Dette er etter FrP sitt syn ei av dei største utfordringane for framtida til kysten vår.
Om vi ikkje lengerlokalt skal få lov til å gjere avvegingane mellom bruk av natur og utvikling av lokalsamfunna våre, så blir konsekvensen over tid mindre næring, færre arbeidsplassar og meir fråflytting.
Det som er mest bekymringsfullt i denne saka, er signala vi sender til næringslivet vårt. Bedriftene i Gunhildvågen har i mange år fått signal om at kommunen ønskjer vidare utvikling av området. Dei har investert, planlagt og skapt arbeidsplassar. No seier dei sjølve tydeleg frå at dei treng meir areal og betre kaikapasitet dersom dei skal kunne utvikle seg vidare i Florø. Cargill peikar på at produksjonen er dobla på 15 år, at areala er sprengt, og at containertrafikken aukar kraftig. Dei seier også heilt tydeleg at dei ønskjer å satse vidare i Florø, men at det føreset moglegheit for vidare utvikling.
Dersom kommunen nosnur ryggen til desse bedriftene etter mange år med planlegging, så handlar ikkje det berre om Måsholmen. Då handlar det om tillit. Tillit mellom kommune og næringsliv. Tillit til at det faktisk går an å investere og satse i Florø.
Det blir også spreidd eit inntrykk av at kommunen skal bruke enorme summar frå skule, helse og eldreomsorg på dette prosjektet. Det stemmer ikkje. Denne saka handlar no om ein reguleringsplan. Ho handlar ikkje om eit investeringsvedtak.
Kinn kommuneskal ikkje bruke ordinære kommunale tenestepengar på Måsholmen. Dersom Florø Hamn KF er involvert i prosjektet, så skjer det gjennom hamneverksemda sine eigne inntekter. Hamnekapital kan ikkje brukast til andre kommunale føremål. Ho skal brukast til hamneutvikling og infrastruktur.
Det er og viktig å få fram at næringslivet sjølv er inne med både kapital og risiko i prosjektet. Dette er ikkje eit prosjekt der kommunen tek risiko for private aktørar.
Det var FrP som tok initiativ til lovlegheitskontroll av vedtaket i januar, og Statsforvaltaren konkluderte med at vedtaket måtte opphevast på grunn av feil habilitetsvurdering. Det betyr at kommunestyret no har fått ein ny moglegheit til å behandle saka på korrekt grunnlag. Eg håpar at politikarane brukar denne moglegheita til å løfte blikket og tenkje langsiktig.
For dette handlar ikkje berre om Måsholmen. Det handlar om kva slags signal vi skal sende til dei som skaper arbeidsplassar langs kysten. Det handlar om vi framleis skal vere ein kommune som ønskjer verdiskaping velkommen. Og det handlar om framtida til Florø og Kinn.
Dersom vi sluttarå leggje til rette for næring, industri og arbeidsplassar, så vil ikkje problemet vere at vi har brukt for mykje natur. Problemet vil vere at det til slutt ikkje er nok folk igjen her til å bygge framtida vidare.