Herold

Tysdag blir framtida til Måsholmen bestemt - her får du ei oppsummering

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Linda Regina Bruvik Published: 2026-05-15 17:54:00
Tysdag blir framtida til Måsholmen bestemt - her får du ei oppsummering

Tysdag skal Kinn kommunestyre på nytt seie ja eller nei til planane for Måsholmen. Planane vart nedstemt i januar, men Statsforvaltaren har oppheva vedtaket grunna habilitet.

Det har i mange år vore jobba for å realisere ei ny containerhamn i Florø, etter at politikarane bestemte at containertrafikken skulle vekk frå Fugleskjærskaia. I dag er det midlertidig containerhamn i Botnastranda, og tysdag skal kommunestyret bestemme om dei seier ja eller nei til ei ny utbygging frå Gunhildvågen til Måsholmen.

I kommunestyret i mai 2024 vart heile Måsholmen-saka utsett i påvente av ein ny reguleringsplan for Gunhildvågen. Ein slik reguleringsplan er for lengst på plass, og saka kom opp att i kommunestyret i januar i år. Der blei Måsholmen nedstemt med følgande vedtak:

Vedtak i kommunestyret 29. januar 2026

I april kom nyheita om at Statsforvaltaren opphevar vedtaket på grunn av inhabilitet hos ein folkevald, og dermed blir det ny runde i neste veke.

Statsforvaltaren opphevar Måsholmenvedtaket

  • Kommunestyremøtet finn stad i Måløy, og du kan følge direktesendinga her: Kommune-tv
  • Alle sakspapira finn du her: Kinn kommunestyre

Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak er som følger:

1. I medhald av pbl §12-12, vedtek Kinn kommunestyre framlegg til Detaljregulering for Måsholmen - Håskjær, gbnr. 28/3, næring og hamn. PlanID20220102, med Planomtale, Konsekvensutgreiingar og ROS-analyse datert 05.02.2024 og føresegner sist datert 29.04.2024, når plankart er justert i samsvar med skisse datert 29.04.2024.

2. Kommunedirektøren skal før kunngjering av vedtak, sørgje for at innhaldet i planen og framstillinga av han blir digitalisert og kvalitetssikra, og at eventuelle mindre suppleringar og justeringar blir gjorde:

  • Bruløysing/seilingshøgde Nytt pkt.e) Det skal tilretteleggast for at mindre fritidsbåtar framleis skal kunne gå gjennom Trolleskjærsundet. Bruløysing skal difor ha tilstrekkeleg seglingshøgde til dette formålet, og ivareta sikkerheita både for trafikk og dei sjøfarande.
  • Saksutgreiing med alle tilhøyrande vedlegg frå KOST 063/24 er vidareført i denne saka, og er såleis formelt underlagsdokumentasjon til dette vedtaket.

Ordførar Bengt Solheim-Olsen har bede alle kommunestyrerepresentantane om å tenke gjennom eigen habilitet før møtet: Måsholm-saka: Ber alle tenke over eigen habilitet innan 19. mai

Måsholmen-vedtaket er annullert: – No kan alt skje

Det er Måsholmen Utvikling AS som står bak planane. Dette er eit offentleg-privat samarbeid mellom Florø Hamn KF og Gunhildvågen Holding AS, som eig 50 prosent kvar. Gunhildvågen Holding AS er heileigd av Ullaland Invest AS/ Thor-Arne Ullaland.

I følge Måsholmen Utvikling AS sin eigen forretningsplan frå 2024 vil første del av utbygginga koste 345-350 millionar kroner, og ein vil då ha 75.000 kvadratmeter ferdig opparbeidd næringsareal med to tjupvasskaier på 80 meter kvar. Prisen på ei full utbygging er ifølge PwC sin rapport, utarbeidd for Måsholmen Utvikling i 2023, grovt estimert til ein milliard kroner.

  • Sjå tidslinje og ei rekke artiklar om temaet lenger nede i saka

Hamnesjefen om ny containerhamn: – Eg meiner vi ikkje har kommunisert behovet for Måsholmen tydeleg nok

I 2024 tok det verkeleg fyr i debatten rundt Måsholmen, og mange engasjerte seg etter at Firdaposten publiserte denne illustrasjonen frå reguleringsplanen som viste storleiken på det planlagte industriområdet:

Firdaposten belyste i 2024 saka frå ulike vinklar, og det blei publisert mange artiklar og debattinnlegg frå begge sidene i debatten. Avisa skreiv om rapportar og høyringsfråsegner, snakka med entreprenørar, utbyggarar, bedriftene i Gunhildvågen, politikarar, innbyggarar og hadde spørjeundersøking i regi av Infact. Nederst i saka kan du sjå eit utval av artiklane vi skreiv i 2024 og fram til i dag. Vi arrangerte også eit stort folkemøte om Måsholmen, som du kan sjå i reprise her:

Her kan du sjå Firdaposten sitt folkemøte om utbyggingsplanane på Måsholmen

Tidslinje:

2018

2020: - Containerhamna må vere i Gunhildvågen

2021: Florø Hamn og Trolleskjeret AS vil kjøpe Måsholmen

2022: Florø Hamn kjøper Måsholmen

2023: Naboane protesterer

2024: Debatten tek fyr

2025: Nye alternativ og "Florølandetgrense"

2026: Saka kjem opp på nytt

Debattinnlegg

Nokre av debattinnlegga Firdaposten har publisert dei siste åra:

Redd Måsholmen – stopp meir rasering av naturen Måsholmen: Har kommunestyrets mandat blitt ignorert?

Så er det på'an igjen... Utsetting av utbygging av Måsholmen, en tapt mulighet? Næringslivet i Gunhildvågen skal sikrast areal Hverdagsnaturen har økt i verdi Kva er trygg styring og forvalting?

– Vi må vere villige til å ofre nokre naturområde for å sikre byen si framtid.

Kor stort omfang utgjer eigentleg transporten av konteinarar gjennom sentrum?

Gunhildvågen, historien og veien videre for de etablerte bedriftene

Vi har en perfekt løsning på Botnastranda, men vurderer å bruke mange hundre millioner på en ny og dårligere containerkai

Vi har venta på det. Til slutt måtte det sprekke i Venstre La gå at mange av oss har sove i timen. Det er lov å tenke seg om

Skjønn er du by, eller Skjønn var du by? Florøsjela

– Eg er for utvikling, men ikkje til ein kvar pris Vi vil det beste for Florø. Men der nokon ser gull og grønne skogar, ser vi ei grå framtid

Politiker; Planer om industriområde på Måsholmen kan omgjøres Florø omringet av industri

Industri og havneutvikling for framtida Spar Måsholmen – containerhamna bør vere på Botnastranda

Utbygging – kaiprosjekt Gunhildvågen Gunhildvågen og Måsholmen er det rette valget

🏷️ Extracted Entities (30)

Måsholmen Utvikling AS (organization) Florø Hamn KF (organization) Gunhildvågen Holding AS (organization) Botnastranda (entity) Kinn kommunestyre (organization) Statsforvaltaren (entity) Florølandetgrense (entity) Fugleskjærskaia (entity) Gunhildvågen Gunhildvågen (person) Hamn (entity) Hverdagsnaturen (entity) Håskjær (entity) Infact (entity) KOST (entity) Konsekvensutgreiingar (entity) Kva (entity) Måløy (place) Måsholmenvedtaket (entity) Nytt (entity) Ordførar Bengt Solheim-Olsen (organization) Planer (entity) Planomtale (entity) PwC (entity) ROS (entity) Skjønn (entity) Spar Måsholmen (person) Trolleskjeret AS (organization) Trolleskjærsundet (entity) Ullaland Invest AS/ Thor-Arne Ullaland (organization) Venstre La (person)