Herold

Leve Bolsøya skole!

Kilde: Romsdals Budstikke Author: Bjørn Jacobsen Published: 2026-05-15 09:36:31
Leve Bolsøya skole!

Sjelden er det å se slike elevar som lagar sangar og kjempar for skolen sin som dei gjer på Bolsøya.

Leve Bolsøya skole!

Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.

Ein kjenning av meg som har mange år i psykologisk teneste på skolar sei at betre ein dette kan det ikkje bli.

Bolsøya skole er i realiteten ei avdeling under Vågsetra skole i dag. Vågsetra treng sine utbetringar, men korfor det skal føre til stenging av ein skole som fungera fint er for meg uforståeleg. Må ein legge ned Bolsøya skole for å ha råd til å bruke 30 millionar på Vågsetra?

Kva kostar det i fall å bygge opp det læringsmiljøet som finns på Bolsøya skole? Dette er eit så godt spørsmål at svaret finnst ikkje hos økonomane og konsulentane som heile landet over ropar etter nedlegging.

Under planleggingsmøtet for budsjett 16. mai i fjor hadde kommunestyret i Molde besøk av ordføraren i Mo i Rana som la fram Rana modellen for god økonomistyring og strukturering dvs nedlegging.

I år vil ikkje ordføraren uttale seg til NRK og Rana kommune har fått tre privatskolar og den fjerde er på vei om utdanningsdirektoratet seier ja. Det er liten tvil om at politisk og administrativ leiing i Molde prøva så godt dei kan å følge Rana-modellen.

Koplar vi dette til dei nasjonale politiske hendingane siste tida ser vi at regjeringa pressast av opposisjonen på populistiske saker så milliardane fyk hit og dit og nesten alt definerast som krise.

Vi har to store utfordringer. Helse og omsorg og kommunesektoren med skole og oppvekst. Staten må bruke meir pengar på skole og eldreomsorg. Dette kan berre finansierast gjennom auka inntekter for det offentlege som må komme til kommunane.

Oljeskattepakken som ga enorme skattelettelser til oljeselskapa var på opp mot 40 milliardar og ga enorme overskott til dei allereie rikaste. Feil investering når ein på same tid strøypar skole og helse.

Skattane må aukes og fleire folk må inn i kommunesektoren. Vi vil ikkje tilbake til ei tid der gamle blei sendt på legd og utdanning var for dei få. Overklassen og øvre del av middelklassen vil klare å kjøpe seg omsorg.

Å legge ned Bolsøya skole er å gje etter for dei kreftane som vil strupe kommunesektoren. La oss håpe det ikkje skjer.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal

🏷️ Extracted Entities (20)

Bolsøya (entity) Leve Bolsøya skole (organization) Rana (entity) Bolsøya 📁 (category) Leserinnlegg 📁 (category) Meninger 📁 (category) Molde 📁 (category) Molde kommune 📁 (category) Skole 📁 (category) Bolsøya 🏷️ (keyword) Leserinnlegg 🏷️ (keyword) MENINGER 🏷️ (keyword) Molde 🏷️ (keyword) Molde Kommune 🏷️ (keyword) SKOLE 🏷️ (keyword) Molde (place) Vågsetra (entity) Mo (entity) NRK (entity) Nordvest (entity)

📊 Metadata

Category: Meninger, Meninger, Leserinnlegg, Bolsøya, Molde, Skole, Molde kommune
Keywords: Meninger, Leserinnlegg, Bolsøya, Molde, Skole, Molde kommune