Han skal drifta Sunnhordland Taxi frå nyttår
Plus
Jørgen Sandberg har store ambisjonar for selskapet som har samla drosjeeigarar i Stord, Bømlo og Kvinnherad under same paraply.
Sunnhordland Taxi AS blei etablert hausten 2023 og har ifølge ei fersk pressemelding lagt bak seg to år med vekst. Selskapet opplyser at både tal drosjar og kundevolum har vakse med 50 prosent sidan oppstarten.
«Vi har lukkast», seier Jan Valeur, styreleiar i Sunnhordland Taxi, i pressemeldinga.
Med grunnlaget selskapet har lagt desse to åra, er det no mogleg å tilsetta dagleg leiar på fulltid, og denne utfordringa har Jørgen Sandberg tatt. Selskapet skriv at han alt er komen godt i gang med arbeidet, men at han formelt sett ikkje startar i den nye rolla før 1. januar 2026.
«Jørgen har brei erfaring frå fleire bransjar samt leiarerfaring frå USA. Dei siste åra har han jobba med større kundar, anbod og marknadsutvikling i Trimble Solutions Norway AS», heiter det i pressemeldinga.
Sandberg sjølv seier at han ønsker å styrka Sunnhordland Taxi som regionens mest moderne og kundeorienterte transportselskap.
«Vi skal ha fokus på effektiv drift og eit tett samarbeid med lokalsamfunn, næringsliv og partnarar. Vi skal vera eit transportselskap folk kan stola på – kvar dag», seier Sandberg i pressemeldinga, som elles ønsker fleire drosjeeigarar i Sunnhordland velkomen til samarbeid.
Sunnhordland Taxi AS høyrer inn under den landsdekkande 07000-kjeda, og er eigd av Taxisentralen i Bergen AS og sentralen sine løyvehavarar i fellesskap.
Dette tente leiarane av bedriftene med størst omsetnad