Herold

Kultur for eldre kostar, kven vil betale?

Plus
Kilde: TK Author: Geir Ove Leite, medlem i MÞre og Romsdal EldrerÄd for Arbeiderpartiet og fylkestingsmedlem Arbeiderpartiet Published: 2026-05-15 06:51:29
Kultur for eldre kostar, kven vil betale?

Arbeiderpartiet meiner vi ikkje mÄ svikte dei eldre i kulturpolitikken. Mellom anna har vi stemt nei til Ä leggje ned Den kulturelle spaserstokken. Dette er ei ordning retta mot eldre pÄ sjukeheimar, slik at dei fÄr tilgang til konsertar og andre kulturelle aktivitetar. Mellom anna kan ein sÞkje om stÞtte til demenskor. Dette er lÄgterskeltilbod for eldre som ikkje kan nytte seg av andre kulturtilbod.

Saka om den kulturelle spaserstokken har vore oppe til votering fleire gongar, og Arbeiderpartiet har fÄtt fleirtal for at dei eldre skal fÄ behalde ordninga. Dessverre har posisjonen med Frp, HÞgre, V og Krf svikta nÄr det kjem til lÞyving av midlar. SjÞlv om Krf fleire gongar har gÄtt ut og stÞtta ordninga, har dei stemt nei nÄr pengane skal lÞyvast.

Er vi villige?

I siste fylkesting kom Arbeiderpartiet nok ein gong med forslag om Ä lÞyve midlar til den kulturelle spaserstokken, og nok ein gong blei forslaget nedstemt. I staden blei det vedteke at ein skulle ha ei sak om «reetablering av Den kulturelle spaserstokken», og «forslag til finansiering og moglege prioriteringar innanfor eksisterande rammer» Enkelt forklart: Det skal ikkje koste noko, eller sÄ skal ein ta midlar frÄ andre kulturtiltak»

NĂ„r HĂžgre, Frp, Krf og V i Tidens Krav 12. mai peiker pĂ„ at «kultur for eldre handlar om menneske – ikkje ordningar» er Arbeiderpartiet heilt einig i det. Men dĂ„ mĂ„ vi og vere villig Ă„ betale det det kostar. Er de villige til det?

EldrerÄdet stÞtta 7 mai at ein skulle jobbe vidare med ei ny kultursatsing med eldre som mÄlgruppe. NÄr H, Frp, Krf og V i Tidens Krav viser til at eldrerÄdet stÞttar dette, glÞymer dei det siste punktet «EldreÄdet ber om at lavterskeltilbod for eldre blir auka med tre million frÄ 1. januar 2027»

Ikke gratis

Same dag som innlegget blei publisert i Tidens Krav var saka oppe i Kultur – og folkehelseutvalet, og dĂ„ blei fĂžlgjande vedteke «Ei ny og meir heilskapeleg kultursatsing for eldre kan ikje finansierast innanfor eksisterande rammer. Fylkestinget bes finne handlingsrom til ordninga i kommande budsjett og Ăžkonomiplan»

Er Frp, HÞgre, Krf og V pÄ gli? No skal det likevel ikkje finansierast gjennom «eksisterande rammer? Vil dei verkeleg satse meir pÄ kultur for dei eldre? Svaret fÄr vi til hausten nÄr budsjettet skal vedtakast

Dersom KrF fĂ„r med seg Frp og resten av posisjonen, skal Arbeiderpartiet sjĂžlvsagt stĂžtte ei auka kultursatsing for eldre. Ja, kultursatsing handlar om menneske – men det er heller ikkje gratis.

Krever bedre og mer systematisk samarbeid mellom kommuner og frivilligheten

Kultur for eldre handlar om menneske – ikkje ordningar

đŸ·ïž Extracted Entities (6)

Er Frp (person) Krf (entity) Arbeiderpartiet (entity) HĂžgre (entity) Enkelt (entity) Kultur (entity)