Geitene lever – leve geitene
Plus
Sist veke inviterte Unge Høgre til folkemøte om dei forvilla geitene på Kvist. Spenninga var til å ta og føla på, og uniformert politi var til stades. Ikkje alle på podiet ville ta kvarandre i handa.
Dei fleste i salen ynskte at geitene skulle få leva i terrenget slik dei alltid har gjort. Staselege og flotte. Faginstansane, representantar frå genforskingssenteret Nibio og Dyrebeskyttelsen, kom til kort. Mattilsynet møtte ikkje.
Det var sterkt å høyra Beate Green frå Dyrebeskyttelsen fortelja om korleis det var å møta geitene på nært hald. Mellom dei friske og fine dyra var det mykje liding og sjukdom. Dei har brukt mykje tid på fòring, observasjon og tilsyn av veterinær. Likevel måtte mange bøta med livet.
Dyra reknast som forvilla tamgeiter, og me har eit anna ansvar for velferda til desse dyra enn for ein hjortestamme, til dømes.
Likevel er det no 23 kje som får leva.
Nibio hadde gode nyheiter. Gensekvensering synte at graden av innavl er lågare enn forventa. Dei dyra som no lever vil, ved hjelp av styrt avl, kunne danna grunnlag for ein ny stamme av dei same geitene, med deira unike genmateriale intakt.
Desse må likevel haldast i karantene i tre år, før dei kan sleppast ut i det same området.
Det er sikkert ting som kunne vore gjort annleis i denne prosessen. Men no er me her. Ein liten og sårbar flokk lever, men den krigerske stemninga er uroande.
Truslar mot Nibio og Dyrebeskyttelsen er meldt til politiet.
Min bøn er at sverd vert lagt ned, at alle gode krefter fokuserer på denne vesle flokken sitt beste – og at Dyrebeskyttelsen i fred og ro kan ta opp att arbeidet.