Herold

Her har dei kjempa for tiltak i over 30 år. Endeleg fekk dei fartsdumpar

Kilde: Hordaland Author: Marita Saue Skjoldli Published: 2026-05-15 04:00:00
Her har dei kjempa for tiltak i over 30 år. Endeleg fekk dei fartsdumpar

– Det gjekk fint til slutt, seier Rannveig Djønne i Oksen grendalag.

  1. mai vart ein stor dag for innbyggjarane på Djønno.

– Då er fem fartsdumpar på plass, og me har hatt ei lita «opning». Me fekk ikkje vera heilt i fred under opninga, men bilane køyrde ganske så forsiktig denne gongen, seier Rannveig Djønne.

– Nokon av innbyggjarane flagga denne dagen, så det er ein stor dag for oss som bur langs med strekkja, legg ho til.

Kart med ID 541188

Lang prosess

I over 30 år har dei jobba for tiltak som kan gjera det meir leveleg for dei som bur i bygda med stadig aukande turisttrafikk.

– Mange skal til Oksen, og mange har det alt for travelt på vegen som snirklar seg gjennom tuna i bygda. Somme stader er vegen nesten rett utanfor inngangsdøra til dei som bur der, fortel Rannveig.

Frå arkivet: Turistar på veg til Oksen køyrer for fort – Fylket foreslår fartshumpar på Djønno

Fyrst jobba grendelaget for å få 30-sone gjennom bygda, men det synte seg at fartsskilt ofte vert ignorerte.

Fekk heldigvis støtte

Vestland fylkeskommune og Voss herad har hatt trafikkmålingar, og jobba for å få alle planar for fartsdumpar på den fylkeskommunale vegen gjennom Djønno godkjende.

– Planane kom på plass, men korkje fylket eller heradet hadde økonomi til å finansiera dei fem fartsdumpane som kostar i underkant 200.000 kroner, seier Rannveig.

Då dei søkte grendelaget Sparebankstiftinga Hardanger om stønad til fartsdumpar.

– Det vart positivt svar på søknaden. No vonar me vonar at det vert meir leveleg på Djønno og at innbyggjarane kan få tuna sine tilbake der bilane held fartsgrensa og køyrer forsiktig.

Marita Saue Skjoldli bio2

I over 20 år har bygdefolket kjempa for tryggare vegkryss. No kan løysinga vera her

Vart lova betre tryggleik for borna. No er det heile sett på vent

Omfattande arbeid – Lærdalstunnelen vert stengd halve døgeret

🏷️ Extracted Entities (8)

Djønno (entity) Rannveig Djønne (person) Oksen (entity) ID (entity) Marita Saue Skjoldli (person) Sparebankstiftinga Hardanger (organization) Turistar (entity) Voss (entity)