Herold

Her er «Frost» på plass: – Midt i blinken

Kilde: Hordaland Author: Marita Saue Skjoldli Published: 2026-05-15 08:12:59
Her er «Frost» på plass: – Midt i blinken

– No vart det midt i blinken, seier ein av drivkreftene bak flytteprosjektet.

No er det mykje omtala kunstverket «Frost» av Leif Gjerme på plass på veggen på Voss kulturhus.

Etter å ha jobba med ideen i fire-fem år, har det no fått si endelege plassering.

Kjell Herheim og Øyvind Bekkenes har vore drivkreftene bak flytteprosjektet, som byrja ta form då dei kontakta kommunalsjef for kultur i Voss herad, Trude Hoflandsdal Letnes i fjor haust.

For Bekkenes, som er Gjerme sin svoger, handlar dette om å løfta fram eit viktig kunstverk som fortener betre rammer.

– Det har vore viktig for oss å få kunstverket godt plassert for å visa fram den store jobben Leif har gjort, seier Bekkenes.

Han har sjølv vore bort for å sjå på den nye plasseringa.

– No vart det midt i blinken. Det er ei stor letting for oss at det er på plass, og at det har gått så bra. Kommunen har spelt på lag, så det har gått fint, seier han.

Frå Sosialbygget til kulturhuset

Kunstverket hang tidlegare på veggen av Sosialbygget.

Gjeraldstveit Mekaniske hadde oppdraget med å flytta «Frost», og etter at det har blitt demonterast, vaska og klargjort, er det no hengt opp til glede for innbyggjarane.

– Tusen takk for oppdraget. Med flinke folk på laget gjekk dette som smurt, opplyser Gjeraldstveit Mekaniske.

Stiftinga Sosialbygget har også vore ein samarbeidspartnar, og eig verket etter Leif Gjerme.

No er «Frost» teke ned: – Kjem meir til sin rett no

Voss sin «Reodor Felgen» – Ein utruleg mangslungen fyr

«Frost» skal endeleg få skina: Kunstverket til Leif Gjerme er på flyttefot

🏷️ Extracted Entities (9)

Frost (entity) Leif Gjerme (person) Frå Sosialbygget (person) Øyvind Bekkenes (person) Gjeraldstveit Mekaniske (person) Voss (entity) Kjell Herheim (person) Reodor Felgen (entity) Trude Hoflandsdal Letnes (person)