Kva skal me med grendesenter utan ein grunnmur?
For Senterpartiet handlar politikk om meir enn tal og struktur. Det handlar om levande bygder, beredskap og moglegheita til å bu og skapa seg eit liv i heile Voss herad.
Barnehage, skule og sjukeheimar er meir enn ein oppbevaringsplass for born, unge og eldre. Dei er ein del av grunnmuren i lokalsamfunna våre. Når ein familie vurderer å busetja seg er nærleik til barnehage, skule og ein plass å bli gamal heilt avgjerande. Forsvinn dette, så svekkjer me og grunnlaget for skule, frivilligheit, nærmiljø og framtidig busetjing.
Me må og hugsa at beredskap handlar om meir enn straum og vegar. Kommunal beredskapsplikt handlar om at kommunane er plikta til å trygga beredskapen ved krisesituasjonar. Beredskap handlar om meir enn straum og vegar. Det handlar om å ha levande lokalsamfunn i heile kommunen. Barnehagar, skular sjukeheimar har viktige tenester som trygger lokalsamfunnet, og dei bidreg til at viktige samfunnsoppgåver kan halda fram i kriser.
Dersom me sentraliserer for mykje, gjer me bygdene våre sårbare. Eit robust Voss Herad treng aktivitet, arbeidsplassar og tenester spreidd utover heile kommunen. Dette er og i tråd med det me har vedteke i kommuneplanen sin samfunnsdel.
Eg meiner det er viktig å løfta fram kvalitetane ein finn i grendene. Berre sjå mot nord hjå Hauge barnehage. Der er sjukefråværet lågt, faktisk på 0 prosent, det er vanskeleg å ikkje applaudera dei tilsette og leiinga. Eg trur at små miljø gjev tettare relasjonar, større oversikt og sterkare tilknyting mellom barn, tilsette og foreldre. Det kan skapa tryggleik og nærleik som mange familiar verdset svært høgt.
Senterpartiet ser sjølvsagt og utfordringane som kommunen peikar på, særleg knytt til rekruttering, kompetanse og økonomi. Det er alvorleg, og det må takast på største alvor. Men løysinga kan ikkje berre vera sentralisering. Løysinga må og vera å gjera det attraktivt å arbeida og bu i bygdene våre, og leggja til rette for gode fagmiljø i heile heradet.
For Senterpartiet er det viktig at me utviklar ein berekraftig kommunesektor utan å byggja ned lokalsamfunna våre. Me må klara begge delar samtidig.
Omstridd rapport: – Her må takast store, viktige val på vegner av mange
Tøffe forslag: Her er tiltaka som viser korleis Voss herad kan spara 103 millionar
Rådmannen fekk ikkje gjennomslag: – Me skal fylgja opp vedtaket lojalt