Fyllekøyrar blåste til 0,7 i promille
Plus
Natt til torsdag denne veka fekk politiet i Hardanger melding om ei mogleg ruskøyring.
Meldinga skal ha kome i forbindelse med eit mindre trafikkuhell rundt klokka 3 på natta.
Hardanger Folkeblad melde torsdag morgon at vedkomande blei stansa i Tyssedal, men det rette er at føraren blei kontrollert av patruljen i Odda.
– Vedkomande hadde utslag på promille, og blei tatt med til politistasjonen for ein utandingsprøve. Han blåste til 0,7 i promille, opplyser Morten Fosse, straffesaksansvarleg ved Hardanger politistasjon.
Føraren er ein ung mann som ikkje er fast busett i Ullensvang. Han blir meld for forholdet, og det er tatt beslag i førarkortet.
Tatt med promille bak rattet i natt
🏷️ Extracted Entities (4)
Morten Fosse
(person)
Odda
(entity)
Tyssedal
(place)
Ullensvang
(entity)