Herold

Minneord: Jolanda Tervoort Baltus

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Styret i Batalden Landhandel, v/ Trond Strømgren Published: 2026-05-14 14:13:52
Minneord: Jolanda Tervoort Baltus

I 2001 kom Jolanda, ektemannen Ab og fire barn flyttande til Fanøya i Batalden. Det skulle bli starten på mange innhaldsrike år, både for familien og lokalsamfunnet.

Barna begyntepå den lokale skulen og lærte seg norsk på rekordtid. Familien bygde seg hus på Fanøya og blei snart ein del av lokalsamfunnet vårt. Jolanda og Ab var sosiale og arbeidsame personar som likte å bidra. Dei engasjert seg i bygda og stilte opp der det trongst, mellom anna i Sanitetsforeininga, på dugnadar og arrangement.

Etter nokre årbegynte Jolanda å arbeide på nærbutikken på Fanøya. Arbeidet på butikken blei ein stor del av livet hennar. Kvar dag, gjennom mange år, møtte ho kundane med varme, omtanke og et smil som gjorde godt. Jolanda var alltid hjelpsam, tok seg tid til ein prat og fekk alle til å føle seg sett og velkomne.

På laurdagarserverte ho ofte heimelaga suppe eller kaker i butikken. På denne måten bidrog ho til at butikken vart eit viktig sosialt samlingspunkt og «hjartet i bygda».

Jolanda haddestort fokus på å halde butikken rein og ryddig, og å tilby eit godt vareutval. Ho sytte for å skaffe varer etter kundane sine ønske, og gjorde alltid det vesle ekstra for å yte god service. At butikken framleis er veldriven og har ein lojal kundemasse, har Jolanda mykje av æra for.

Jolanda var familiekjær og svært engasjert i og stolt av dei fire barna og dei elleve barnebarna sine. Då Jolanda vart råka av sjukdom, slutta ektemannen Ab i jobben sin for å vere der for henne. Ab har vore flink til å jobbe dugnad for butikken, og det siste året la han til rette for at Jolanda kunne arbeide på de gode dagane. Butikken var alltid i hjartet hennar. Det gjekk fort på slutten, så bodskapen om dødsfallet kom brått på mange av oss.

Takk for alle gode minne, Jolanda. Du har betydd svært mykje for mange og vil bli sakna djupt.

Siv og Jolanda driv landhandelen som er ein attraksjon i seg sjølv

I sentrum av sjøstjerna

🏷️ Extracted Entities (5)

Jolanda Tervoort Baltus (person) Ab (organization) Fanøya (entity) Batalden (entity) Sanitetsforeininga (entity)