Herold

Lucy Larsen, eller var det von Humbug?

Plus
Kilde: Valdres Author: Marianne Riste, Vang folkebibliotek Published: 2026-05-15 07:50:00
Lucy Larsen, eller var det von Humbug?

Fri og vill fantasi pĂ„ sitt beste for 9–12 Ă„ringar, og sikkert yngre og eldre, om dei har fantasien til det.

Dette er ein serie pÄ tre bÞker om Familien von Humbug, skrive av Karen M. Kilane og Hans JÞrgen Sandnes og utgivne pÄ Cappelen Damm. BÞkene er lette Ä lesa, har herlege illustrasjonar og historier som pÄ ingen mÄte kan bli tatt som sanne.

Det fĂžrste eg gjer med bĂžker er Ă„ sveipe kjapt gjennom, ser pĂ„ skriftstorleik og illustrasjonar for kjapt Ă„ gjere meg opp ei meining om det er noko meg. Kilane og Sandnes fenga meg pĂ„ s. 120: ein statue av ei knakande tĂžff dame; Marianne von Humbug! Å kjenne seg att i karakterar er givande, og tja, kvifor kan ikkje eg stĂ„ med ei gedigen tviegga Ăžks og eit avkappa monsterhovud under armen?

Bestefaren fortel: «Marianne von Humbug. Hun som en gang kjempet en hel natt mot den fire meter lange kinesiske bokormen som ville fortÊre alle bÞkene i loftsbiblioteket. Hun reddet biblioteket, men mistet to fingre og en fot.»

Hovudpersonen er Lucy Larsen, som bur saman med mor si, Irene. Det er berre dei to, og det er fint. Men sÄ kjem det eit mystisk brev frÄ ein advokat. Lang historie kort: Familien von Humbug eig ein villa i Ulldal kommune. Sidan kommunen ikkje har fÄtt tak i nokon i familien dei siste ti Ära vil kommunen ta over bygget. Dei har no funne ut at Irene Larsen eigentleg heiter Irene von Humbug, og for Ä behalde villaen mÄ ho mÞte der dagen etter kl. 12. Det dukkar opp ein bestefar, ei kommande bestemor, tanter og onklar og sÞskenbarn og fjernare slektningar frÄ alle verdas krokar.

Dette er villskap og gode historier pÄ lÞpande band. Hald deg fast for, her gÄr det fort i svingane.

đŸ·ïž Extracted Entities (9)

Familien von Humbug (organization) Lucy Larsen (person) Hans JĂžrgen Sandnes (person) Irene von Humbug (organization) Cappelen Damm (person) Irene Larsen (person) Karen M. Kilane (person) Marianne von Humbug (organization) Ulldal (place)