Herold

Reagerer på pauseinnslag: – Tonedøvt

Kilde: NRK Author: Marit Balsvik Winge Published: 2026-05-14 20:21:38 Last updated: 2026-05-14 21:45:07
Reagerer på pauseinnslag: – Tonedøvt

Pauseinnslaget om skeive under semifinalen i Eurovision skapar reaksjonar. – Snakkar om dei som om dei er apar i bur, seier Torbjörn Ek i svenske Aftonbladet til NRK.

Innslaget blei vist under årets andre semifinale torsdag kveld, og handla om forholdet mellom Eurovision og skeive fans.

Fleire har reagert på humoren og måten temaet blei presentert på.

Svenske Aftonbladet sin Eurovision-ekspert, Tobbe Ek.

– Representasjon er alltid viktig, men eg trur ikkje dei har avtalt det med dei andre landa. Det er kanskje sånn ein snakkar i Austerrike, men det verkar veldig tonedøvt, seier Ek.

Han er Aftonbladet sin Eurovision-ekspert. Han understrekar samtidig at han ikkje blei opprørt av innslaget.

– Det er ikkje sånn at eg blir opprørt, men det kjennest veldig tonedøvt, seier Ek.

NRKs redaktør for Underhaldning og fiksjon.

– Gamaldags

– Kvifor er det berre skeive i Eurovision no? Har dei tatt over?

Det spør ein mann i ein forelesingssal om i pauseinnslaget.

Ho som skal vere «læraren» begynner på ein leksjon.

– Min første tanke er at det verkar gamaldags. Seksuell legning er ikkje nokon markør å snakke om lenger. Det kjennest gamalt.

Det seier Charlo Halvorsen. Han er redaktør for Underhaldning og fiksjon i NRK.

– Det er berre teit. Litt unødvendig, kanskje. Og så er det ikkje noko å bry seg om heller, seier Halvorsen.

Innslaget var spelt inn på førehand, og blei vist samtidig som scenen blei rydda.

Du kan sjå semifinalen direkte i NRK TV-appen.

EBU har ikkje svart på NRK sin førespurnad om kommentar.

🏷️ Extracted Entities (8)

Eurovision (entity) Svenske Aftonbladet (person) Underhaldning (entity) Austerrike (entity) Charlo Halvorsen (person) TV (entity) Tobbe Ek (person) Torbjörn Ek (person)

📊 Metadata