Stolt Sp-politikar når Arbeidarpartiet sviktar kysten igjen
Plus
Så kom dagen vi har venta på i spenning: Ville Arbeidarparti-regjeringa ta Stortinget sittsignal på alvor og leggja inn midlar til Stad skipstunnel i revidert nasjonalbudsjett? Ville regjeringa no lytta til fleire av sine eigne fylkesparti og ikkje minst sin eigen Arbeiderparti ordfører i vertskommuna Stad som tydeleg har sagt at Stad skipstunnel må byggjast?
Men nok ein gong presterer Stoltenberg og Støre å ikkje lytta til sine eigne. Med stor arroganse går regjeringa igjen ut og fortel at Vestlandet ikkje treng den tryggleiken som skipstunnelen vil gje dei sjøfolka som har sitt daglege virke på havet.
Når over 30.000 sjøfolk, 300 reiarlag og 3.600 fartøy står samla i eit opprop for å realisera tunnelen, og viser til tryggleik på ei av dei farlegaste havstrekningane i landet, er det på tide at Stoltenberg og Støre lærer seg å lytta. I tillegg har dei frekkheita til å hevda at Stad skipstunnel ikkje er samfunnsøkonomisk lønsam, samstundes som dei går heilhjarta inn for andre store prosjekt som dokumentert har dårlegare samfunnsøkonomisk lønsemd enn skipstunnelen.
Sanninga er at mange av regjeringa sine eigne prosjekt har lågare samfunnsnytte enn Stad skipstunnel. Då er heller ikkje reiseliv og mogleg persontransport rekna inn i analysane. Skipstunnelen er dessutan rekna til å gje klimakutt.
Vi har brukt titals millionar på førebuingar i tru på nasjonale lovnader. Likevel går milliardane igjen til bane og veg på Austlandet, medan kysten vert oversett. No er det på tide med eit ekte kystopprør mot regjeringa sitt nei til den tryggleiken som Stad skipstunnel representerer.
Eg er glad for at både eg og Senterpartiet har ein partileiar i Trygve Slagsvold Vedum som er så klar i sine uttalar om Stad skipstunnel. Han seier tydeleg at Senterpartiet ikkje kjem til å gje opp prosjektet. Det gjer meg stolt over å ha eit parti i ryggen som står for det vi har sagt heile tida.
Eg har òg store forventningar til at dei andre partia på Stortinget – Venstre, KrF, FrP og Høgre - som var med på vedtaket om å halda fram arbeidet med skipstunnelen i oktober 2025, no står ved vedtaka sine og fullfører det dei har byrja på. Både Kystverket og ikkje minst kommunane som har arbeidd vidare med prosjektet, fortener at dei økonomiske midlane som er brukte ikkje har vore til inga nytte.
Kva er belegget på Intercity, Nygård?
Skipstunnelen ved Stad — ei investering i tryggleik, klima og framtid
Ny innsatsgruppe skal mobilisere for Stad skipstunnel