Herold

Eit hus med verdi for bygda, ikkje for marknaden!

Plus
Kilde: HF Author: Robin Molven, Jondal Published: 2025-12-05 23:06:00
Eit hus med verdi for bygda, ikkje for marknaden!

Vi snakkar om eit bygg som ligg midt i sentrum, rett ved ferjeleiet, og som har vore ein samlingsplass for generasjonar.

Jondal kommunehus, eller BlÄhuset, som me jondÞlingar kallar det, er meir enn eit kontorbygg. Det er her me samlast nÄr den kommunale julegrana vert tent, og det er her flaggstonga stÄr som eit symbol pÄ fellesskap og hÞgtid. Huset har vore ein del av kvardagen og identiteten vÄr i generasjonar.

No vil Ullensvang kommune selje bygget for 2,25 millionar kroner. PÄ papiret ser det ut som ein Þkonomisk gevinst, kommunen fÄr ein eingongsinntekt og slepp vedlikehald og avgifter som kan kanskje utgjere 1,7 millionar om ein reknar pÄ ein 10 Ärs periode. Men realiteten er at kommunen sjÞlv har sagt dei mÄ leiga delar av bygget tilbake. Og om eg reknar ein leigepris pÄ 1500 kroner per kvadratmeter per Är, og la oss sei behovet er minst 200 kvadratmeter, vil leiga koste 3 millionar over 10 Är. DÄ stÄr kommunen att med under ein million i reell gevinst, og dersom arealbehovet aukar, kan rekneskapen gÄ i minus.

SpÞrsmÄlet er om det er klokt Ä selje eit bygg som bÄde har praktisk funksjon og sterk symbolverdi? BlÄhuset er meir enn mur og betong, det er eit symbol pÄ fellesskap, historie og framtid. NÄr Ullensvang kommune no vil selje bygget, mÄ me spÞrje oss: Er dette klokt for Jondal pÄ lang sikt?

Vi snakkar om eit bygg som ligg midt i sentrum, rett ved ferjeleiet, og som har vore ein samlingsplass for generasjonar. Kva signal sender me til innbyggjarane og til framtida dersom me gjer oss avhengige av ein privat utleigar for Ä ha kontor i vÄrt eige sentrum?

I sentrumsplanane for Jondal er det lagt vekt pĂ„ estetiske omsyn, samlingsplassar og kulturmiljĂž. Planen understrekar at sentrum skal vere eit levande og attraktivt midtpunkt, der bygg og tilhĂžyrande anlegg skal bidra til identitet og trivsel. BlĂ„huset ligg midt i dette sentrum, og oppfyller nettopp dei krava som planen set, eit bygg som har praktisk funksjon og sterk symbolverdi. Å selje huset til ein privat aktĂžr bryt med intensjonen i sentrumsplanen, som handlar om Ă„ styrke fellesskapen og utvikle sentrum som ein stad folk vil samlast.

Etter kommunesamanslÄinga har eg lÊrt meg eit nytt uttrykk frÄ Odda: «Signalbygg». Dei snakkar om brannstasjonen i Odda, Smelteverkstomta, Odda folkebad med fleire som sine signalbygg, bygg som representerer noko stÞrre enn seg sjÞlv, bygg som fortel ei historie om fellesskap og identitet for Odda. Skal me ikkje dÄ rekne BlÄhuset i Jondal som eit signalbygg? Det er vÄrt rÄdhus, vÄrt samlingspunkt, vÄrt symbol!

Framtida krev langsiktige val. Jondal treng strategiske investeringar som byggjer identitet og tryggleik, ikkje kortsiktige sal som kan bli dyre i lengda. BlÄhuset kan framleis vere ein ressurs, som kulturhus, kontorfellesskap eller innovasjonssenter, dersom me tenkjer kreativt og langsiktig.

Eg meiner kommunestyret bÞr stoppa opp og stille seg sjÞlv det enkle, men viktige spÞrsmÄlet: Skal vi verkeleg selje sentrum av Jondal, vÄrt eige signalbygg for ein kortsiktig gevinst, nÄr framtida krev at vi tenkjer stÞrre?