Herold

Dei rette prioriteringane?

Plus
Kilde: HF Author: PÄl Kristian Kaupang, HTV-GRS Utdanningsforbundet Ullensvang Published: 2025-12-06 23:37:00
Dei rette prioriteringane?

FĂ„ eit eigarforhold til sektoren, og tenk over kva kvalitet de vil gje born og unge i Ullensvang.

I rÄdmannen sitt forslag til budsjett er det for 2026 foreslÄtt ein reduksjon pÄ 16 Ärsverk i oppvekstsektoren. Dette utgjer ei innsparing pÄ 16 millionar kroner, men ogsÄ slik me ser det, ein kraftig reduksjon av tenestetilbodet til barn og unge i kommunen vÄr.

Mistanken vÄr er at med ein barnehagesektor som skrik etter personell, sÄ vil kutta verte teken hovudsakeleg i skule. Me vil gjere det klinkande klart at ein reduksjon pÄ 16 Ärsverk vil redusere kvaliteten betrakteleg i sektoren, og nÄr oppvekstsjefen stadig trekk fram utfordringar med yngrebÞlga, sÄ har me vanskar for Ä sjÄ at kuttforslaget er forsvarleg.

I eit forsÞk pÄ Ä berolige dei tilsette er det sagt at ingen skal mista jobben, men at kutta skal takast ved naturleg avgang. Vil det dÄ bety at flaks/uflaks avgjer kva eining som vert ramma av personellnedgang? Risikerer ein ei total utarming av einingar som allereie er skrapa pÄ ressursar? Dette er bekymringar som politikarane bÞr svara ut fÞr budsjettvedtaket.

For all del, me har den stÞrste respekt for politikarane som har den vanskelege oppgÄva med Ä fordele byrder og goder i samfunnet, men nÄr ein til dÞmes vel Ä prioritere ei hengebru i Straumen til over 20 millionar, framfor Ä satsa pÄ tenestetilbodet til innbyggarane, sÄ vil me med all respekt, melda at dette er ei uklok avgjerd.

Utdanningsforbundet Ullensvang ser sjÞlvsagt utfordringane til kommunen. Med ein stram kommuneÞkonomi mÄ me alle vera med pÄ kutt og tenestetilpassing. Synkande elevtal, utfordringar med Ä skaffa kvalifisert personell og auka utfordringar i klasserommet gjer at ein mÄ staka ut ein langsiktig kurs for oppvekstsektoren. Den jobben er ikkje gjort i ei handvending, og slettes ikkje ved Ä saldera eit budsjettforslag ved Ä kutta 16 stillingar i oppvekst.

SÄ vÄr bÞn, kjÊre politikarar: FÄ eit eigarforhold til sektoren, og tenk over kva kvalitet de vil gje born og unge i Ullensvang.

Lukke til med budsjettarbeidet!