Herold

– Ei tung oppleving frå start

Plus
Kilde: Hordaland Author: Marit Folkedal Lussand Published: 2025-12-07 09:43:31
– Ei tung oppleving frå start

Det vart ti lange kilometer for Karoline Simpson-Larsen sundag. Likevel vart ho fjerde beste nordmann i dette rennet også.

Sundag var det tid for 10 km fri teknikk med individuell start i verdscupen i Granåsen i Trondheim.

Laurdag kjempa ho hardt i 20 km, og hengde ved dei leiande gruppa heile vegen.

– Ho har gått fantastisk bra i bakkar denne sesongen, det såg me laurdag. Klarar ho behalda roa og trykka det ut gjennom 10 km trur eg det kan gå bra for Karoline, sa Nrk-kommentatoren då ho starta.

I 10-kilometeren enda ho med tida 26:42.4, og hamna på ein 11.-plass, bak Heidi Weng som tok 10.-plassen.

– Det vart eit nesten-løp. Det er bra, men eg trur ho har endå meir inne, sa Nrk-kommentatoren då Vargar-løparen gjekk i mål.

På toppen av pallen vart svenske Ebba Andersson med tida 26:05.3, etterfylgd av svenske Moa Ilar og amerikanske Jessie Diggins. Beste nordmann vart Astrid Øyre Slind på 4.-plassen, 19,4 sekund bak vinnaren.

*Som dagen før vart Simpson-Larsen den fjerde beste av dei norske igjen, og ligg såleis bra an denne sesongen. *

I intervjuet etter målgangen vedgjekk ho at det vart eit tungt løp frå starten av.

– Då er det berre å kriga med hovudet heile vegen, eg kom no meg til mål. Eg kriga i 20 kilometeren i går, og det ber eg preg av i dag.

No håpar ho på sjansen å vera med i verdscupen i Davos neste helg.

Karoline (28) blant dei beste norske: – Jobba intenst

Knallstart for Karoline (28): No kan OL-draumen bli verkeleg