Herold

Vann pris til heile klassen: – Eg trudde ikkje på det først

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Erlend Handeland Tuastad Published: 2026-05-14 08:00:00
Vann pris til heile klassen: – Eg trudde ikkje på det først

Ei gruppe på 7. trinn på Husnes barneskule stakk av med sigeren i SMARTere teknologi 2026.

Det var fredag førre veke at gruppa til Odin Poudel-Telstø fekk vite at dei vann årets konkurranse. Han reagerte først med vantru.

– Eg blei sjokkert. Eg trudde ikkje på det først, sa 7.-klassingen til Kvinnheringen.

Utgangspunktet for oppgåva var følgande problemstilling: «Korleis kan vi utvikle Grøn Næringspark slik at både område, energi og ressursar blir nytta i industriell symbiose?»

Presentasjonsforma var ein video kor alle gruppemedlemmene la fram sin eiga del. Ut ifrå videoen er det lett å sjå kvifor dei vann. Dei framstår både sjølvsikre og kunnskapsrike i framføringa. Dessutan var det tekniske nivået høgt, med god klipping og fine modellar og illustrasjonar.

På spørsmål om kven av dei som var hjernen bak prosjektet peiker ei samrøysta gruppe på Markus Blokhus Nordnes. Han har laga eit konsept for ein måte å fanga CO₂ i betong på. Han peikar særleg på ein faktor som avgjerande i arbeidet.

– Eg krangla ein del med pappa for å koma fram til den beste måten å gjera det på, sa Blokhus Nordnes.

I premie vann dei 3.000 kroner som går til heile klassen. Den håper dei å bruka når dei skal på tur til Bergen.

Konkurransen vart arrangert av Ungt entreprenørskap. Problemstillinga vart formulert av Bente Marie Sjo i Kvinnherad næringsservice.

🏷️ Extracted Entities (9)

Markus Blokhus Nordnes (person) Bente Marie Sjo (person) Bergen (entity) CO₂ (entity) Husnes (place) Kvinnherad (entity) Odin Poudel-Telstø (organization) SMARTere (entity) Ungt (entity)