Fullsett amfi klappa takten: – Utruleg bra
Plus
Elevar frå Hatlestrand skule imponerte.
– Dei hadde nok blitt forundra over desse lydane, bøndene som i gamle dagar gjekk til Steinparken ved Melselva for å mala kornet sitt.
Det skriv Øystein Skaala i Rosendalstiftinga etter søndagens marimbakonsert i Steinparken. Her fekk publikum servert afrikanske tonar frå elevar frå 3. til 7. trinn på Hatlestrand skule.
– Ikkje visste vi at elevane på Hatlestrand skule kunne levera ein marimbakonsert med slik kvalitet. Ein la fort merke til at kommunikasjonen mellom læraren og elevane var på plass. Med små signal frå Mauricio Weimar omplasserte dei unge musikarane seg raskt mellom melodiane. Dei skinande blanke, fint forma ut instrumenta hadde Mauricio bygd sjølv, i eik og furu. Ein rockar og musikklærar som også er instrumentmakar, betre blir det ikkje, skriv Skaala.
Spente
Desse instrumenta likar dårleg vatn, og blir ustemte om dei får det på seg. Det er ein stor jobb å stemma dei på nytt. Noko som gjorde at arrangørane var spente då det var klart for konsertstart, og det framleis regna.
– Måtte vi setta opp instrumenta inne? Eit raskt blikk inn i Dinosaurhuset viste at det var umogleg, det var stappfullt, så her var gode råd dyre. Men så, presis klokka 12, skrudde vêrgudane av regnet og sola skein fram. Instrumenta vart montert og publikum plasserte seg i amfiet og elles der det var plass, skriv Skaala i meldinga.
Elevane varta opp med folkemusikk frå Sør-Afrika og Zimbabwe føre eit fullsett amfi.
– Etter afrikanske tonar, var det tonar frå sjølvlaga seljefløyter, natur- og kulturquiz og jakt på fossil og smykkesteinar. Så utruleg bra at desse flotte elevane og Mauricio tok dette på strak arm og fylte Steinparken med glade og vakre afrikanske tonar denne dagen, skriv Skaala, som rettar ein stor takk til elevane, musikklæraren, Steinparkens vener, publikum og ikkje minst vêrgudane.