Slit med rekrutteringa: – Belastande for dei tilsette
Plus
No er det berre halvparten av ynskt bemanning av gynekologar på Voss sjukehus.
Det kom fram i ein artikkel Bergens Tidende skreiv i førre veke.
Der vart det peika på kapasitetsproblem på Kvinneklinikken, på grunn av venta auke i fødslar, i tillegg til dårlegare moglegheit til å senda fødande kvinner til sjukehuset på Voss.
På Voss er nemleg bemanninga av gynekologar låg, og rekrutteringa utfordrande.
Birger N. Lærum, direktør ved Voss sjukehus, fortel at det sidan mars berre har vore tre gynekologar ved sjukehuset.
– Frå i fjor haust har me jobba med å stabilisera situasjonen med å behalda våre faste gynekologar, få inn vikarar og rekruttera inn nye.
BIO: Birger N. Lærum
Ljos i tunellen
Sjukehusdirektøren fortel at det er litt lysning i sikte.
– Det kjem inn ein gynekolog i juni. Då vert det fire, men det me ynskjer er seks, så det er framleis eit stykke til.
Det kjem i tillegg ein femte gynekolog tilbake att frå permisjon neste vår, legg han til.
Fødeavdelinga på Voss plar avlasta KK.
I fjor tok dei imot 60 fødande frå Bergensområdet. På grunn av situasjonen på Voss er dette no kraftig redusert.
Nesten stopp
– No er det nesten stopp, me tek berre imot planlagde keisarsnitt frå Bergen. Dei som føder hjå oss no er dei som er frå lokalsjukehusområdet eller kjem på eige initiativ frå områda rundt.
Om ein ser på fødselstala samanlikna med i fjor ser ein at det totalt sett har gått ned:
Per 12. mai 2026 har det vore 107 fødslar, av dei 18 induksjonar (igangsetjingar).
Per same dato året før var det 136 fødslar og 37 induksjonar.
Lærum legg til at samarbeidet med KK er bra og går begge vegar, og det er ikkje berre fødande men også pasientar innan gynekologi.
Belastande for tilsette
For dei tilsette betyr mangelen på gynekologar ekstra belastning.
– Våre gynekologar må stå i krevjande vaktsituasjonar med hyppige vakter. Når det fyrst er noko er det kort utrykkingstid, det er det som er spesielt på eit mindre sjukehus. På større sjukehus har du gjerne andre i vaktlaget framfor deg. Det er det som er belastande med å vera få.
Han seier dei tilsette står på og gjer ein veldig god jobb.
– I Noreg er ein i den situasjonen no at for få ynskjer eller kan jobba som gynekologar på sjukehus. Dette er ikkje berre eit vossaproblem, men ein vert ekstra sårbare på eit mindre sjukehus.
Hordaland skreiv også i 2023 om gynekologmangel:
Gynekologmangel og lange ventelister på Voss sjukehus: – Kan ta opptil seks månader
– Dette er tredje runde med store utfordringar knytt til bemanning av gynekologar. Me hadde ein vikarlege-stafett med danske gynekologar for ein del år sidan. For dei som har stått i dette i fleire omgangar er det krevjande at det skjer igjen.
Til Bergen i verste fall
Til Bergens Tidende sa Helse Bergen-direktør Eivind Hansen at i verste fall måtte ein senda fødande frå Voss til Bergen.
– Kor reelt er dette?
– Det er noko me har rutine på i tilfelle sjukdom eller akutt fråvær. Då vil me etablera ei fylgjeteneste etter kriteria for ei slik ordning. Det er lenge sidan det har vore behov for dette. Om me ikkje hadde fått inn nokon nye kunne det ha vorte behov for dette, men det ser ikkje slik ut akkurat no. Men me må framleis stå på for å betra situasjonen, svarar Lærum.
Vossing står i spissen for viktig forskingsprosjekt
Prosjekt X til Voss: Slik skal dei revolusjonera helsetilbodet