På køyretur på Kristi himmelfartsdag? – Då er det ekstra viktig å ta det med ro
Plus
Raude dagar byr på hektiske situasjonar i trafikken.
Sogn Avis: Mai byr på to lange helger som gir mykje trafikk på kort tid.
Mange skal på hytta, på besøk eller på korte ferieturar, samstundes som syklistar, gåande og motorsyklistar er tilbake for fullt i trafikkbiletet.
– Dette er ein periode der det fort kan bli kø, utolmod og farlege situasjonar. Då er det ekstra viktig å ta det med ro og visa omsyn, seier Nils Karbø, avdelingsdirektør for Vegtrafikksentralen i Statens vegvesen i ei pressemelding.
Travlaste dagar: onsdag og fredag
Onsdag 13. mai og fredag 22. mai ser ut til å bli dei mest trafikkerte dagane.
– Mange reiser omtrent samstundes, og då blir det fort forseinkingar. Rekn med god tid, og unngå risikofylt forbikøyring for å «ta igjen» nokre minutt, seier Karbø.
Statens vegvesen fylgjer trafikken tett og gir oppdatert trafikkinformasjon på vegvesen.no/trafikk og i Vegvesen trafikk-appen.
Mjuke trafikantar og MC – eit alvorleg bakteppe
Våren og forsommaren markerer starten på «ulukkessesongen», perioden med flest alvorlege trafikkulukker.
– Tre motorsyklistar har mista livet så langt i år. Det er alvorleg, og understrekar kor sårbare MC-førarar og andre mjuke trafikantar er, seier Karbø.
Han ber både bilistar og motorsyklistar om å vera ekstra merksame:– Sjå etter syklistar, gåande og MC, spesielt i kryss, ved avkøyrslar og på utfartsvegar. Små feil kan få store konsekvensar.
Køyr forsiktig – kom trygt fram
Statens vegvesen oppmodar alle som skal ut på vegane i mai til å:
- Tilpassa farten etter forholda
- Halde god avstand
- Unngå stress og risikable manøvrar
- Vise ekstra omsyn til mjuke trafikantar
– Målet er at alle skal koma trygt fram og heim att etter langhelgene. Litt lågare fart og litt meir tolmod kan redde liv, seier Karbø i pressemeldinga.