Herold

Russen og ordføraren ber om tålmod under russefeiringa

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Jim Steven Igland Published: 2026-05-13 22:23:00
Russen og ordføraren ber om tålmod under russefeiringa

Russefeiringa i Florø startar for fullt torsdag 14. mai – seinare enn tradisjonen. No ber både russen og ordføraren florøfolk om å vise ekstra tålmod med støy og feiring dei komande vekene.

I år har russefeiringa blitt utsett til 14. mai. Grunnen er enkel: Avgangselevane skal få gjennomføre skriftleg eksamen før dei kastar seg ut i russetida.

Denne endringa bryt med den tradisjonelle russefestperioden i byen. Feiringa kan derfor bli meir spreidd.

No ber både Florø-russen og ordførar Bengt Solheim-Olsen innbyggjarane om å vise ekstra tålmod med avgangselevane si store feiring.

– Når denne flotte russegjengen skal feire at dei er ferdige med 13 års skulegang, skjønar vi godt at dei har behov for å feste litt. Eg oppfordrar folk til å ha ei høgare toleransegrense for høg musikk frå russebussar enn på ein vanleg onsdag i februar, seier Solheim-Olsen.

Han er tydeleg:

– Det blir litt lyd, men det toler vi ei lita stund. Folk må ta godt imot dei og tenke at "no har Florø-ungdommen det kjekt" når vi høyrer litt «dunk, dunk», ler han.

Ordføraren hugsar si eiga russetid då han gjekk på vidaregåande – og var til og med terrorsjef. Han veit kor viktig feiringa er.

– Dette er ei markering av at skuleløpet er over. Barne- og ungdomstida er forbi. No går dei rett inn i vaksenlivet med brask og bram.

Godt samarbeid med kommunen

Russen har hatt fleire møter med kommunen om det nye opplegget. Russepresidenten Nicolai Frøysa Herrmann er fornøgd med samarbeidet.

– Vi har hatt eit veldig godt samarbeid med både kommunen og politiet. Dei har hjelpt oss med det vi treng og vore på tilbodssida, fortel han.

Kommunen har funne eigna stader der russen kan feire utan å forstyrre for mykje. Blant anna ved Lillevatnet der den gamle skytebana var.

Dei har òg snakka med Florø omsorgssenter, som truleg vil høyre feiringa. Dei er positive til at russen prøver ut den nye feiringsstaden.

Florø-russen lovar å vise omsyn til alle som bur i byen.

– Vi kjem til å flytte oss rundt og vere på ulike stader. Vi håpar andre òg har forståing for det og viser omsyn til oss, seier Herrmann.

Viktig melding til foreldre

Russen har ei viktig oppfordring til foreldre: Ikkje lat borna løpe etter russebussar for å spørje etter russekort.

Florø-russen planlegg å besøkje alle barneskulane i byen for å dele ut kort. Dei kjem òg til å stå utanfor Florø stadion på 17. mai.

– Det er mykje betre at dei får russekort når vi står i ro enn når vi køyrer. Det kan fort bli utrygt for dei. Vi håpar foreldre oppfordrar til dette òg, seier nestleiar Rebekka Sandvik.

Positive til ny russetid

Heile Florø-russen er spente på korleis årets feiring blir – særleg sidan det bryt med tradisjonen. Likevel er fleire positive til endringa.

– Eg var skeptisk i byrjinga, for det høyrer med til tradisjonen at vi sluttar feiringa på 17. mai. Men no verkar det veldig fornuftig at vi er ferdige med dei viktigaste eksamena før vi byrjar russetida, forklarar Herrmann.

Både han og Sandvik meiner endringa har gjort eksamensperioden mindre stressande.

– Eg trur alle er einige om at det er fint å slippe stresset med skriftlege eksamenar under russetida. No har vi berre munnleg att, som er lettare. Det er heilt i byrjinga av russetida òg, så det går fint, seier Sandvik.

Det er berre éin dag att før feiringa startar i Florø. Sjølv om dei fleste frå russen er slitne etter eit langt skuleår, er dei klare.

– Folk gler seg. Vi er gira for å endeleg få starte feiringa, smiler ho breitt.

Sjå bilda: Russerevyen 2026 «007 minutes in heaven»

🏷️ Extracted Entities (5)

Florø (entity) Rebekka Sandvik (person) Russepresidenten Nicolai Frøysa Herrmann (organization) Bengt Solheim-Olsen (organization) Lillevatnet (entity)