Herold

350 hyllemeter med arkiv skal flyttast – kan forseinke innsynskrav

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Egil Kristian Aardal Published: 2026-05-14 04:52:00
350 hyllemeter med arkiv skal flyttast – kan forseinke innsynskrav

Kinn kommune har inngått avtale med Kommunearkivordninga i Vestland (KAV) for å ta vare på eldre papirarkiv frå dei tidlegare kommunane Flora og Vågsøy.

– Arbeidet med å ordne og bevare arkiva handlar om å sikre viktig historisk dokumentasjon, slik at ho ikkje går tapt, og slik at både innbyggarar og kommunen kan få tilgang til opplysningane i framtida, melder kommunen på sine sider.

Totalt skal kommunen sortere, pakke og flytte rundt 350 hyllemeter med papirarkiv til arkivdepot.

Pakking starta i veke 19, og transport til arkivdepot er planlagt i veke 21 og 22. Arkivmaterialet vil vere utilgjengeleg i denne perioden, og også ei tid etter transporten på grunn av utpakking og klargjering hos KAV.

Dette kan føre til at kommunen i nokre tilfelle ikkje kan svare på innsynskrav innan fristen på tre vekedagar.

Arkivmaterialet som blir omfatta, gjeld i hovudsak:

  • tekniske arkiv 1920–2019 (prosjektdokumentasjon, branndokumentasjon, VA-dokumentasjon, møtebøker)
  • landbruksarkiv 1965–2018 (konsesjonssaker, hjorteval, møtebøker)
  • formannskapsarkiv 1923–1995 – Vågsøy kommune (sentraladministrasjonen, møtebøker formannskap, møtebøker kommunestyre)

Eigedomsarkivet (byggesaker og oppmålingssaker) vil vere tilgjengelege som vanleg.

– For å sikre raskast mogleg behandling av innsynskrav, oppmodar vi til å bruke kommunen sitt elektroniske skjema Innsynskrav. Vi beklagar ulempene dette kan medføre, og vil behandle innsynskrav så raskt som mogleg, opplyser kommunen.

🏷️ Extracted Entities (7)

Innsynskrav (entity) KAV (entity) Flora (entity) Kommunearkivordninga (entity) VA (entity) Vestland (place) Vågsøy (place)