Driftige Torlaug Ege fyller 100 år
Plus
Torlaug Ege på Ege i Eigersund rundar 100 år 16. mai.
Langt fleire kvinner enn menn får oppleva å feira 100-årsdagen sin. Statistikken viser likevel at bare rundt éi av 100 kvinner fødde rundt 1920 blir så gamle.
Laurdag er det Torlaug Ege sin tur å samla familien til feiringa av den store dagen.
– Eg tenkjer ikkje så mykje på det, seier ho om den høge alderen ho har oppnådd.
Har alltid arbeidd
Torlaug Ege blei fødd på Gya i Helleland, og familien flytta seinare til Gystøl. Ho fortel at ho har arbeidd mykje heilt sidan ho var jentunge.
– Eg måtte vera med på alt heime, seier ho.
Allereie som 12-åring reiste ho til Eigelandsdalen for å tena.
– Eg var ute i marka og slo graset.
Seinare tente ho på Tengesdal. Der var der ho trefte han som ho seinare skulle gifta seg med, Erling frå Ege.
Etter at dei hadde gifta seg, busette dei seg i Årstaddalen. Men etter at eldstedottera var fødd, drog paret til Telemark for å forpakta ein stor gard der. Broren til Erling var òg med.
I Telemark fekk dei to ungar til. Men i motsetning til broren til Erling, som valde å bli buande i Telemark, ville Torlaug og Erling heim igjen etter nokon år.
Sleit på tunge dører
Dei fekk skilt eit lite småbruk frå hovudbruket på Ege, der Erling hadde vakse opp. I ein periode hadde dei to hønsehus. Egga selde dei i byen.
Griser hadde dei òg ei stund. Torlaug stelte grisene, mens Erling gjekk på arbeid.
– Eg var god til å stella griser, fortel ho.
Erling arbeidde på Ege dører i den tida Torlaug gjekk i grishuset. Då dei slutta med griser, begynte ho å arbeida på same plassen.
I produksjonen på dørfabrikken hadde kvar mann nok med sitt, og det var lite hjelp å få med tunge løft, fortel ho.
– Eg måtte gjera det same som mannfolka og slita på tunge dører heilt aleine.
Tasen hand
Torlaug Ege meiner at ho ikkje har hatt betre helse enn andre, sjølv om ho har nådd ein høg alder. Ho har saktens fått sitt, ho òg, kan ho fortelja. Då ho var i 30-åra blei ho liggjande fleire veker på sjukehus etter ein ryggoperasjon.
På sine eldre dagar har ho hatt nokon fall, og ho har skada både eit ribbein og den eine handa. Ribbeinet er ennå vondt, og det same er handa. Handa har veikna noko. Ho er tasen, som Torlaug seier.
Med ei vond hand får ho ikkje halde på med handarbeid lenger. Det synest ho er sårt, for handarbeidet har betydd mykje for henne. Ho har alltid strikka, hekla, sydd og måla, og ho har forsynt slekta med alt dei måtte trenga av strikkeplagg og dukar.
Men ho prøver å halda seg i vigør på andre måtar. Ho trimmar så å seia kvar dag.
– Men det er bare sjukegymnastikk, altså, smiler ho.
Ho passar òg på at ho ikkje blir sitjande stille for lenge, fortel ho.
Stor flokk
Middagen får ho levert frå sjukehuskjøkkenet på Lagård. Den varmar ho i mikrobølgeomnen klokka 12. Klokka fire har ho mellommat med kake, og då set ho pris på at nokon stikk innom på besøk.
Laurdag samlar ho smått og stort til stor feiring på Grand Hotell. Flokken av etterkomarar tel nå ni barnebarn, 27 oldebarn og sju tippoldebarn.