Alver aust – vi må stå saman mot nedbygging av bygdene våre
Plus
Det er viktig at bygdene i Alver aus tstår saman om å sikra både Eikanger barneskule og Ostereidet ungdomsskule for framtida.
Eikanger skule er nedleggingstrua, og dersom dette skulle skje, så er det også stor moglegheit for at bustadbygginga på Fyllingsnes heller ikkje kjem i gang.
Barnefamiliar vil då godt mogleg velja bort Fyllingsnes/Eikanger, og dette vil i neste omgang føra tilnedgang i elevtalet på ungdomsskulen.
Spesielt gjeld dette alle som har born på SFO på 1-4 kl. Å køyra borna til Ostereidet barneskule før og etter arbeid gjer det då rett og slett umogleg for mange småbarnsforeldre å bu på Fyllingsnes, dei kjem i tidsklemma. Dette sidan dei fleste jobbar i retning Knarvik/Åsane og Mongstad.
I tillegg veit vi at ein god del av foreldre i Leikneskrinsenikkje ikkje er nøgd med å senda borna innover til Ostereidet, og dei vil bruka dei moglegheitene dei har for å finna andre løysingar.
Så vil nokon sikkert sei at utbygging med om lag 50 nye leilegheiter på Ostereidet senter og eit bustadfelt med om lag 25 nye bueiningar overfor barneskulen på Ostereidet, skal redda dette. Husk då på at leilegheiter normalt sett ikkje er etterspurt av barnefamiliar då desse er uforholdsmessig dyre og ligg ofte i område med mykje trafikk. I tillegg har det nye bustadfeltet på Ostereidet få bueiningar.
Og berre for ordens skuld, når den trygge gang- og sykkelvegen no kjem på plass på Fyllingsnes, så får ein ny innkøyrsle til Fyllingsnesbygda og til 3 nye bustadfelt, direkte frå E39, ingen trong mellomveg, med til saman 244 bueiningar, fordelt i 2 og 4 manns bustader og nokre einebustader.
Dette vil gje stor positiv effekt for Alver aust, og det å kunna sikra Ostereidet Ungdomsskule for framtida.
Risikoen dersom prosjekta på Fyllingsnes skulle stoppa opp vert då at Ostereidet Ungdomsskule kan forsvinna utover til Knarvik fortare enn dei fleste tenkjer. Det er eit heilt reelt alternativ, og har som kjent også vorte vurdert av kommunedirektør.
I tida vi no er inne i er det viktig at bygdene i Alver aust står saman om å sikra både Eikanger barneskule og Ostereidet ungdomsskule, for framtida. Vi er heilt avhengige av kvarandre.