Krf sikrar fleirtal for Ikea-parkering
Plus
Ikea Forus fekk først nei til å erstatte sykkelparkering med parkeringsplass for bilar. No sikrar Krf fleirtal på Stortinget for å overkøyre avgjerda.
Kristeleg Folkeparti (KrF) vil stemme med Framstegspartiet, Senterpartiet og Høgre for å overprøve Statsforvaltaren si avgjerd om sykkelparkeringar ved Ikea Forus i Stavanger.
Det melder VG.
– Me kjem til å stemme for Frp, Sp og Høgres forslag og sikre fleirtal, seier Jonas Andersen Sayed (Krf) til avisa.
Den gjeldande parkeringsnorma krev at Ikea Forus maksimalt kan byggje 183 parkeringsplassar for bil, og minimum 1099 for sykkel. Ikea søkte om å få byggje 590 parkeringsplassar for bil, men dette fekk nei frå Statsforvaltaren i mars.
Sayed meiner kravet er urimeleg.
– Denne saka er jo eigentleg berre dust, så her må me bruke sunn fornuft. Det gir ikkje meining at ein skal ha seks gonger fleire sykkelparkeringar enn p-plassar ved eit Ikea-varehus, seier han.
Sayed peiker på at Ikea Forus er eit regionalt varehus, og at folk ikkje syklar lange avstandar for å handle møblar.
Han nemner òg at dagens varehus har 700 bilparkeringar, så 590 vil uansett vere ein reduksjon.
KrF sine stemmer er avgjerande for å sikre fleirtal i Stortinget.
KrF-representanten ber no kommunalminister Bjørnar Skjæran om å «ordne opp».
Video-reel