Bil har velta på E39 i Gloppen
Plus
To personar er sett til av ambulansepersonell og vert frakta vidare til legevakt.
Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder klokka 14.18 om ei trafikkulykke på E39, på Breimsvegen.
Ein bil skal ha velta over på sida, og E39 vart delvis stengd som følgjer av dette, men det var mogleg å passere på staden.
Andre køyretøy skal ikkje vere involverte i ulykka.
Både brann og ambulansepersonell er no på staden, melder politiets operasjonssentral klokka 14.36.
To personar skal ha vore i bilen, men desse to har komme seg ut. Dei vart vidare undersøkt av ambulansepersonell på staden, og seinare vart det avgjort at dei skulle vidare til legevakt for undersøkingar..
Klokka 14.57 er vegen opna att for fri ferdsel.
Slik enda øvingskøyringa