Rosendal bluegrass skal debutera og Sigve Solheim røper eit kongeleg vennskap til fjells
Plus
Neste naturkafé i Bergslagen 21. mai blir ei musikalsk nyhending, supplert med bildeføredrag av fuglar både på sjø og til fjells, og sjølvsagt saftige vaflar.
«Ingen naturkafé utan musikk! Denne gongen kan me by på intet mindre enn ein verdspremiere: Rosendal Bluegrass vil opptre for oss – deira første framferd som band. Me gler oss stort!» seier Mari Teigen Varanes i ei pressemelding.
Vedlagt er det to foto som smakebit på kveldens føredrag. Dei er det Sigve Solheim som er meister for, og under naturkaféen denne kvelden vil han halda bildeføredrag som gir eit unikt innblikk i naturen i Kvinnherad.
«Forteljinga startar med dei akrobatiske makrellternene i sjøkanten. Deretter får me sjå og høyra om havørnene Gabriel og Nilla, som Sigve har følgd i 13 år. Så blir me med Sigve til fjells til kongeørna Vidofnir. Gle dykk til fabelaktige historier og imponerande bilete», skriv Varanes i meldinga.
Naturkaféen vil i tillegg sjølvsagt ha servering av kaffi, kaker og vaflar, og det vil bli tid til gode samtalar saman med andre kjekke folk. «Naturkafé passar for alle, så ta gjerne med både barn, nabo og besteforeldre til ein triveleg kveld i Bergslagen», seier Naturvernforbundet.
Daniel opnar privat klinikk: – Ser eit potensial