Herold

Kva skjer med vårt kjære Kvinnherad?

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Sigurd Vikøren Published: 2026-05-13 10:00:00
Kva skjer med vårt kjære Kvinnherad?

Min kjærleik til Kvinnherad og naturen vår, er for æva!

Då blir det krevjande å vera vitne til at bit for bit vert naturen vår bygd ned og øydelagt. Med stadig nye argument tar dei frå meg naturen eg er så glad i.

45 vasskraftverk i drift, 90 % av vassdragsnaturen nedbygd på ein generasjon. I tillegg er no Fjellhaugen kraftverk under bygging – eit enormt anlegg. Mauranger 2 er på veg. Effektkraftverk med nedbygging av meir natur og negativ påverknad av heile naturen i området.

Eit resultat av all denne kraftproduksjonen er at vi må vi ha nye 420 kV-linjer gjennom kommunen som vil byggja ned nye store areal, langs fjorden, på fjellet, gjennom dalane og i bygdene. Statnett kjem no snart og fortel oss kor mykje areal dei må ha.

Litt ulike tal for fiskeopdrettsanlegg i fjorden, men ca. 25 i Kvinnherad. Dei legg beslag på enorme areal. Presset som er på vår maritime natur vart dokumentert gjennom at Statsforvaltaren avslo 7 nye søknader, fordi fjorden ikkje har berekraft til meir.

Trur du presset i framtida blir mindre?

Sigve Solheim har peika på 10 store prosjekt som kjem dei næraste åra. Prosjekt som vil byggja ned store areal av natur: Fjellhaugen kraftverk, ny kraftlinje frå Tøsse til Storebjørnsli, Ny 420 kV-linje frå Gismarvik til Blåfalli, ny 420 kV-linje frå Sauda via Blåfalli og vidare til Øygarden, nytt skiskyttaranlegg, Onarheim Kraftverk, ny trafostasjon ved Søral, ferjesambandet til Stord, Nordic Mining sitt kvartsprosjekt på Lyngstrand, nytt datasenter på Husnes.

Kreative aktørar har i tillegg planar om store prosjekt som fastlandssamband til Stord, gondol til Malmangernuten, kunstig øy i fjorden, kjent som Austrepollen Dubai, utfylling i Opsangervatnet og heilt sikkert mange, mange fleire saker som dukkar opp når vi no skal sjå på den nye arealplanen vår.

Då har eg ikkje ein gong nemnt vindmøller i heile fjellheimen i Kvinnherad. Kva skal det stå om dette i arealplanen vår?

Det må vera grenser for kor mange rekningar vi har samvit til å senda våre barneborn. Å «drikka opp» arven til kvinnheringar som enno ikkje er fødde, er ikkje noko å vera stolt over.

Regjeringa har forplikta oss gjennom Montraal-avtalen om at 30 % av forringa natur skal attendeførast til slik det opphavleg var. Dette er vel ei sak den nye arealplanen til Kvinnherad burde meina noko om?

Kor høgt står saka om rehabilitering av natur på det politiske kartet i Kvinnherad?

Gode kvinnheringar, vi er i ein skjebnetime for Kvinnherad sin natur. For ei gladsak det ville vera om vi kan einast om at nok er nok!

Sigurd Vikøren

🏷️ Extracted Entities (21)

Kvinnherad (entity) Blåfalli (entity) Stord (entity) Austrepollen Dubai (person) Fjellhaugen (entity) Gismarvik (place) Husnes (place) Lyngstrand (place) Malmangernuten (entity) Montraal (entity) Nordic Mining (person) Ny (entity) Onarheim Kraftverk (person) Opsangervatnet (entity) Sauda (entity) Sigve Solheim (person) Statsforvaltaren (entity) Storebjørnsli (entity) Søral (entity) Tøsse (entity) Øygarden (entity)