Herold

Malin gir deg viktige råd: – Du døyr om du pustar inn røyken

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Egil Kristian Aardal Published: 2025-12-06 16:25:00
Malin gir deg viktige råd: – Du døyr om du pustar inn røyken

– Det viktigaste er at du kjem deg ut av huset. Difor er det nødvendig og krav om at du har røykvarslar, fortel brannførebyggar i Kinn kommune, Malin Skorpeide.

Viktige hjelpemiddel

Livsviktig varsling

Røykvarslarar går ut på dato

Ikkje bruk gamalt utstyr

Nokre har ikkje røykvarslar

Pipebrann og tiltak

– Vi gir deg råd

Bytt batteri og test røykvarslaren. To enkle grep som kan vere avgjerande for din tryggleik. 1. desember var røykvarslarens dag, ei årleg og viktig påminning.

– Informasjonsarbeid er den viktigaste delen av jobben min, seier Malin, som også driv med feiing og tilsyn.

Vi møtte henne på Havglytt. Der hadde ho med ei kasse gratis røykvarslarbatteri og førebudde seg til ein informasjonsrunde.

– Bodskapen her i dag går på generell branntryggleik, og spesielt mot dei eldre. Høyrer du røykvarslaren? Har du rømmingsveg? og bør du ha soverommet ditt i andre etasje? Dette er aktuelle spørsmål for mange.

Malin peikar på at det finst hjelpemiddel for dei som til dømes tek av seg høyreapparata når dei legg seg. Då kan vibrasjon- eller lysvarsling vere ei løysing.

– Kanskje kan du skaffe deg eit mindre og meir handterleg brannsløkkingsapparat? Ikkje alle er klar over at dette finst. Og igjen: det viktigaste er at du kjem deg ut av hus og leilegheit om det skulle begynne å brenne, understrekar ho.

Røykvarslarane har ei levetid på åtte til ti år, noko som fort kan gå i gløymeboka. Eit forsiktig sveip med støvsugaren er òg eit godt vedlikehaldstips frå brannførebyggaren.

– Når vi er på branntilsyn i heimane, opplever vi at folk ikkje er klare over at røykvarslarane har ei avgrensa levetid. Sluttar dei å fungere, kan det bli skummelt, fortel ho og legg til:

– Dette er den viktigaste varslaren om røykutvikling på nattetid. Får du i deg dei giftige røykgassane mens du søv, då døyr du.

Kinn kommune gjennomfører feiing og branntilsyn, noko innbyggjarane betalar for. Tidlegare var dette gjort kvart fjerde år, men frå 2016 blir dette gjort etter behov.

Oppdagar de mange avvik ved desse tilsyna?

*– *Både ja og nei. Sløkkjeutstyr gått ut på dato, er ein gjengangar. Skumapparat varer i fem år, medan pulver, varer i ti. Ikkje alle er klar over dette.

– Elles har folk kanskje for få røykvarslarar. Lovkravet er minimum éin per etasje. Med store areal blir dette lite. Monter dei gjerne på soverom og seriekopla. Då får du hurtig varsling.

Det går mot jul og ekstra pynting. Har du nokre råd?

*– *Sjølvsagt! Dekorasjonar kombinert med levande lys, må du vere ekstra forsiktig med. Elektriske adventsstakar som er tende døgnet rundt, utgjer ein risiko. Det kan vere gamal elektronikk, og skjer det noko utan at folk er til stades, kan det fort bli skummelt.

Korleis er arbeidskvardagen din, bortsett frå informasjonsarbeid?

*– *Planen i dag er blant anna å reise ut saman med ein lærling som eg har ansvar for. Då skal vi feie nokre klebersteinsomnar for å få kjennskap til desse. Elles blir det å planleggje kven som skal få tilsyn. Huseigaren får elektronisk varsling ei veke før vi kjem på besøk.

Og alle stiller når de kjem på tilsyn?

Ja, stort sett. Men eg forstår at det ikkje alltid passar å ta fri frå arbeid. Tilsyn og feiing er lovpålagd, og vi er tilgjengelege for å finne tidspunkt som passar.

Er folk opptekne av branntryggleik?

*– *Ja, det er dei, men det er dette med røykvarslarane som ofte blir gløymt. Det er òg lurt å snu brannsløkkingsapparatet opp ned kvar tredje månad for å hindre at pulveret klumpar seg.

– Det hender vi kjem til bustader som manglar røykvarslar. Då kan eg bli litt streng og seie: «Dette synest eg faktisk du skal gå og kjøpe deg i dag». Du veit jo aldri kva som kan skje.

Alle bustader skal ha røykvarslar og sløkkeutstyr, om det er husbrannslange, eller sløkkjeaparet med pulver eller skum.

Når tilsette frå feie- og tilsynsavdelinga i Kinn kjem på besøk, inspiserer dei skorsteinen innvendig og avklarer om det er behov for feiing.

– Feiing og tilsyn er behovsprøvd. Vi vurderer kvar bustad og gjer ei risikoanalyse. Nokre har kanskje varmepumpe og brukar lite vedfyring, noko vi tek med i vurderinga. Andre har behov for at vi feiar oftare, til dømes om dei fyrer feil.

Gjennomsnittsskorsteinen i Florø. Korleis er situasjonen der?

*– *Det er lite sot. Dette kjem nok av at mange brukar elektrisk oppvarming og at eldstadane stort sett er av nyare dato og dermed reintbrennande. Brukar du i tillegg tørr ved og har ein god fyringsteknikk, blir det lite sot.

Og då er risikoen mindre for pipebrann?

*– *Stemmer. Som regel er det naboar som oppdagar at det kjem gnistar ut frå pipa di når det brenn i skorsteinen.

– *Kva gjer ein då? *

*– *Då må du varsle omgåande ved å ringe 110. Så er det viktig å stenge alle luker og ventilar som avgrensar lufttilførsla til brannen.

Tilstanden på pipa spelar inn på kor store skadane kan bli. Skorstein bygd i teglstein har ekstra strenge krav, samanlikna med ein som er elementbygd.

– Pipebrann er eit resultat av feil fyringsteknikk eller problem med eldstaden. Brannvesenet forbyr fyring heilt til vi har vore på plass og teke kontroll utvendig og innvendig.

*Er du usikker på tilstanden til skorsteinen din, kan du bestille ein kontroll. *

Dei som har kjøpt eldre bustader, der skorsteinen er bygd av teglstein, må passe på å halde seg innanfor regelverket når dei skal pusse opp.

– Du har blant anna ikkje lov å kle inn slike skorsteinar med treverk. Før ein startar oppussing, er mitt råd at folk ringer oss om dei er usikre. Vi har tilfelle der det blir sett opp nye veggar, og då er det kjedeleg å få beskjed frå oss om at den veggen må rivast.

Malin gjer ein viktig jobb for deg