MDG – og revidert budsjett
Plus
MDG har samla inn 30.000 underskrifter for nasjonalt månadskort til forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett.
Dette er eit supert forslag. I alle fall for dei som har eit kollektivtilbod som dei kan nytte. MDG har ein politikk som favoriserer alle som vil trykkje seg saman i eit by-sentrum, og lagar problem for dei som vil bu utanfor byane.
Du kan ikkje bruke eit månadskort når det ikkje er kollektivtilbod som du kan bruke. Dette slit MDG-arar med å forstå. Når du har 20-30 km til jobb, og det ikkje passar med bussruter. Kanskje du skal levere born i barnehage på vegen også? Då er eit godt tilbod på nasjonalt månadskort lite verdt.
Det er ikkje mogleg å bruke dei same verkemidla over heile landet. Det vert feil uansett. Nokon er tvungne til å syte for eigen transport sjølve. Dei må bruke bilen for å få dagane til å henge saman.
Kvifor er det då så ille at staten går inn og kompenserer for litt av bensin- og dieselprisen når ein krig i Midtausten driv prisen opp? Dei som har el-bil, får heimeladinga si subsidiert av norgespris.
Om de i MDG ikkje klarar det, bør de i alle fall vera ærlege nok til å seie at de eigentleg gjev blaffen i folk som bur utanfor Ring 3 i Oslo.
Vestland må gripa sjansen – no kan kollektivtilbodet bli billegare
Fylte på kanner då prisane vart senka
Bensinstasjonane: – Avgiftskutta skal komma kundane til gode
Krise hindra – fleirtal for statsbudsjettet
Her bikkar dieselprisen nesten 30 kroner literen