Herold

Kvinne i 70-åra gjekk gjennom isen på Haukeli

Plus
Kilde: HF Author: Inga Øygard Jaastad Published: 2026-05-13 08:06:19
Kvinne i 70-åra gjekk gjennom isen på Haukeli

Sist fredag gjekk ein skiløpar gjennom isen ved Ståvatn på Haukeli.

Det blei sett i gang ein redningsaksjon og naudetatar frå blant anna Ullensvang rykte ut. Kvinna skal ha vore på skitur saman med ektemannen, som melde ifrå til naudetatane. Også han gjekk gjennom isen.

Ulykka skjedde rundt klokka 18 sist fredag.

Operasjonsleiar Inge Landsrød i Sør-Øst politidistrikt fortalde til Telemarksavisa at det var ein kvinneleg skiløpar i 70-åra som gjekk gjennom isen. Ho greidde å halde overkroppen over vatn ved å halde seg fast i staven.

Vidar Litle-Kalsøy ved Hardanger politistasjon seier til HF at kvinna blei flydd til Stavanger universitetssjukehus. Han opplyser vidare at også ektemannen gjekk gjennom, men at han ikkje var like lenge ute i vatnet.

– Utfordringa var at det var vanskeleg for henne å få av seg skia. Det er ein alvorleg problemstilling, seier Litle-Kalsøy.

Redningshelikopter blei tilkalla, og brannvesenet var tidleg på staden, opplyser Landsørd til Telemarksavisa.

Hendinga skjedde i nærleiken av Haukeliseter fjellstue. Operasjonsleiaren opplyser at nokon på staden fekk låne eit tau frå fjellstova, som kvinna fekk tatt rundt seg fram til redningsmannskap fekk henne opp.

Ifølge Litle-Kalsøy skal både kvinna og mannen vere i god behald.

🏷️ Extracted Entities (11)

Haukeli (entity) Telemarksavisa (entity) Vidar Litle-Kalsøy (organization) Hardanger (entity) Haukeliseter (entity) Inge Landsrød (person) Landsørd (entity) Stavanger (entity) Ståvatn (entity) Sør-Øst (entity) Ullensvang (entity)