Politiet om russen: – Eit veldig godt inntrykk
Plus
Startskotet for årets russ er her, og politiet har fått eit godt inntrykk av gjengen på Voss.
Onsdag starta russefeiringa med russerebus og utover kvelden er det russedåp for dei unge lovande.
– Det har gått veldig bra. Eg har fått eit godt inntrykk av dei, seier Ingve Helland hjå Voss politistasjon etter dagens rebusløp.
Han stod på post med folk frå Voss brannvern og ambulanse ved brannstasjonen.
– Der var det skjedd ei fiktiv trafikkulukke, så fekk dei poeng etter korleis dei klarte det der. Etter rebusen var det ei samling på Voss gymnas før dei no reiser ut på russedåpen.
Ekstra bemanning
– De er ikkje med der?
– Nei, me heng ikkje på dei heile tida. Men me har politifolk ute i natt. Det er litt ekstra bemanning, seier Helland.
– Det skal gå bra, legg han til.
I tida fram mot russefeiringa seier Helland at han har hatt ein del kontakt med russepresidentane.
– Og eg synest det ser veldig bra ut. Me håpar og trur at dette skal gå bra.
– Så får me sjå kva natta bringar, seier han.
Sender ut melding til alle foreldre: – Me har ikkje sett dette omfanget tidlegare
Tilbakeblikk 25 år etter: – Helledussen, eg var sjenert
Reagerer: – Har ein problem med å gå med hund i band, må hunden vera heime