Herold

Eit ansvarleg val for barna sitt beste

Plus
Kilde: HF Author: Ingvild Hauso (lokallagsleiar) og Jørund Kvestad (gruppeleiar) – på vegner av kommunestyregruppa til Ullensvang Sp Published: 2026-05-13 22:19:00
Eit ansvarleg val for barna sitt beste

Det som ofte ikkje blir sagt tydeleg nok, er kor klar Statsforvaltaren faktisk er.

Saka om Eitrheimsvågen barnehage har vart lenge, og foreldra og borna fortener no klare og ærlege svar. Vi har stor forståing for foreldra som ønskjer ein ny og moderne barnehage i Eitrheimsvågen – ønsket om ei trygg, stabil og framtidsretta løysing for barna sine er både legitimt og lett å forstå.

Samtidig må politiske ønskje haldast opp mot faglege vurderingar. Statsforvaltaren har fremja formell motsegn mot planane om ny og utvida barnehage i Eitrheimsvågen, grunngjeven i omsynet til folkehelse og barna sitt beste. Etter dialogmøte har Statsforvaltaren sagt tydeleg nei til mekling, fordi dei meiner det ikkje finst reelt handlingsrom for kompromiss. Dette betyr i praksis at dersom kommunen likevel vil byggje barnehage her, må saka avgjerast av Kommunal- og distriktsdepartementet. Det er ei lang, usikker og tidkrevjande løype.

Det som ofte ikkje blir sagt tydeleg nok, er kor klar Statsforvaltaren faktisk er. I motsegna heiter det: «Statsforvaltaren oppmodar difor også kommunen til å, uavhengig av plansaka, arbeide for å avvikle eksisterande barnehage på sikt, og at ein finn eit anna areal som er eigna for barnehageføremålet.»

Dette er ei sterk og uvanleg klar tilråding frå statleg fagstyresmakt. Når Statsforvaltaren ikkje berre seier nei til ny barnehage, men også oppmodar til å avvikle eksisterande barnehage over tid, kan ikkje kommunen late som om Eitrheimsvågen framleis er eit realistisk alternativ.

Likevel blir det framleis teke til orde for meir «dialog», også med Boliden. Ullensvang Senterparti meiner dette i realiteten berre vil dra saka vidare ut i tid. For Boliden kan ikkje gje garantiar for at framtidige utslepp vil vere låge nok til å gjere området forsvarleg for barnehageborn. Samstundes må vi hugse at Boliden skal ha auka produksjon. Sjølv om utsleppa per tonn blir redusert, vil den totale belastninga auke når ein produserer meir.

Dette er eigentleg ganske enkelt å forstå: Om kvar bil slepp ut litt mindre, men talet på bilar aukar kraftig, blir lufta dårlegare – ikkje betre. Det er denne samla risikoen Statsforvaltaren legg til grunn når dei seier at området ikkje er eigna for barnehageborn.

Dette handlar om tid, men først og fremst om ansvar. Å velje ein fleire år lang konflikt med Statsforvaltaren og departementet er høgrisikospel. Det er ein klar risiko for at vi tapar, og då er vi tilbake til start – etter å ha kasta bort verdifull tid som barna betaler prisen for. Det einaste ansvarlege valet er å innsjå dette no og starte arbeidet med ei ny, trygg og realistisk løysing utan vidare omveg.

Mange spør kvifor det kan bu folk på Eitrheim, men ikkje vere barnehage der? Svaret er like enkelt som det er viktig: Barnehage er ei offentleg etablert verksemd for ei særleg sårbar gruppe. Små barn er meir utsette for luftforureining, dei er ute store delar av dagen, pustar raskare og kan ikkje velje å trekke seg unna når forholda er dårlege. Når kommunen aktivt vel kvar born skal opphalde seg, er krava til tryggleik langt strengare enn for bustader som i stor grad er historisk etablerte.

For Ullensvang Senterparti handlar dette om ansvar. Det er uansvarleg å halde Eitrheimsvågen fram som ei mogleg framtidig barnehageløysing i strid med klare faglege råd. Det skaper falske forventningar og forlenger uvisse for foreldra – i staden for å gje dei svar.

No er det på tide å setje ein strek. Kommunen må ta Statsforvaltaren si motsegn på alvor og bruke ressursane på å finne reelle alternativ; andre tomter, eller utviding og betre bruk av eksisterande barnehagar.

Å ta barna sitt beste på alvor handlar ikkje berre om å meine det rette, men om å ta dei vanskelege vala.

– Alle her er samde om éin ting: dagens situasjon er ikkje god nok

🏷️ Extracted Entities (6)

Eitrheimsvågen (entity) Statsforvaltaren (entity) Boliden (entity) Ullensvang Senterparti (person) Eitrheim (place) Kommunal (entity)