Eli kom til Florø med Hurtigruta i 1983. No gir ho seg som biblioteksjef
Plus
- desember blei biblioteksjef Eli Eidsvik pensjonist.
*Eli Eidsvik *kjem opphavleg frå Drange som ligg ytst på Lysekloster. Ho brukar å skulde på ei klassevenninne for at ho valde bibliotekarutdanninga.
– Men ho enda med å ikkje søke, smiler ho.
Eli derimot, både søkte og kom inn på det som då heitte Statens Bibliotekskule. Hausten 1977 gjekk ferda tvers over landet til Oslo. Ho var atten og eit halvt og kom rett frå gymnaset. For ein ung jente frå bygda kjendest det litt skummelt å skulle flytte til storbyen, men Eli hamna i svært trygge hender.
– Eg budde på Katarinahjemmet, drive av dominikanarsøstrene, i nesten eit år. Søstrene var franske, og dei var kjekke folk med mykje humor. Ein måtte jo oppføre seg, sjølvsagt, men ein følte seg ikkje så einsam når ein kom flyttande heilt ny til Oslo.
Fram til ho var ferdig utdanna i 1980 var Eli ein del med i studentmållaget i hovudstaden, og deretter hamna ho i Mo i Rana. Der fekk den unge bibliotekaren mellom anna ansvar for den nyoppretta bokbussen. To dagar i månaden køyrde dei lange vegar til små bygder som Båsmoen og Selfors.
Knappe tre år etter, i mars 1983, kjøpte Eli einvegsbillett med Hurtigruta sørover.
– Det blei lange heimreiser, med tog først til Trondheim, så Oslo og deretter Bergen. Fly var dyrt, sjølv om eg av og til tok Twin Otteren, hugsar ho.
Så Eli steig av Hurtigruta i Florø, for no hadde fått jobben som biblioteksjef i Norges vestlegaste by.
– Eg blei godt motteken, eg hugsar at mellom andre Odd Standal og Alvdis Joleik Holmen på rådhuset tok i mot meg. Og så var jo Else Marie Kirkhus her og sette meg inn i ting.
Det året Eli kom til Florø stoppa utlånstalet på 27.147 bøker. Det var litt under dei høgste utlånstala nokre år før. Det kunne ha samanheng med reduserte opningstider, meinte Eli då Firdaposten skreiv om saka. I våre dagar må vi telje med utlånstala i Vågsøy også, og då kom dei opp i ca. 36.000 utlånte bøker i fjor. Eli strekar under at då var også biblioteket stengt ein periode medan dei skifta biblioteksystem.
– Men folk brukar skjerm og mobil og ikkje har tid å lese så mykje no. Og nokre låner e-bøker.
Dei har også merka at skulane har brukt dei mindre dei siste åra.
– Det er alt opp etter kva lærarane vel, om dei kjem på biblioteket med klassen. Dei fleste får tilbod om å komme i 2. klasse og få lånekort og litt bibliotek-orientering. No skal det jo satsast på leselyst i både i skular og barnehagar, så vi får sjå om det aukar utlånet.
Så kven er det som brukar biblioteka i 2025, og kva rolle har dei?
– Det er ungar og småbarnsfamiliar, og også eldre som brukar oss. Ein del studentar sit her og les. Dei med innvandrarbakgrunn er her og brukar pc. Og så er det jo mange som ikkje har skrivar heime lenger, og då kjem dei hit og skriv ut. Det er kanskje ungdommen som er mest fråverande.
Og det er vel ikkje noko nytt.
Men biblioteka har eit samfunnsoppdrag, peikar Eli på.
– Det er viktig for demokratiet at folk har tilgang til informasjon, til å kunne lese og forstå tekstar. Og det er ein viktig møteplass, for det er ikkje mange møteplassar att som ikkje krev så mykje av deg. Her kan ein vere heile dagen. Ein må ikkje låne bøker, ein kan sitte og lese. Vi har mange faste avislånarar.
I 1998 melde Firdaposten at biblioteket entra dataalderen: «Berre eit tastetrykk, så har dei eit standardisert purrebrev på nynorsk klart til å sende deg», skreiv lokalavisa imponert.
Det gav også biblioteket betre oversikt og frigjorde tid, slik at dei tilsette kunne konsentrere seg om arbeidsoppgåver retta mot barn. Gjennomgåande for mykje av det Firdaposten har skrive om biblioteket sidan Eli overtok, er mangelen på ressursar. Det har ikkje vore mange nok fagutdanna bibliotekarar i høve norma, og det har vore smått med pengar til å kjøpe inn bøker. I dag er dei faktisk tre med fagutdanning, men ikkje i fulle stillingar.
– Vi er så få at er det avgrensa kor mykje aktivitetar vi kan sette i gang. Og skal vi engasjere forfattarar eller invitere til føredrag, så krev det midlar. Bokbudsjettet har vi ikkje fått kutt i førebels, og eg håpar at det ikkje blir kutt i opningstida. Vi har jo meirope-ordninga, men ungar er avhengige av at foreldre er med. Vi får ofte høyre det, at «de har jo meirope». Men ungar kan ikkje gå åleine og eldre kvir seg kanskje for den tekniske biten. Difor er det viktig å også ha betent opningstid.
Meirope-ordninga betyr også at Eli og kollegaene ikkje møter alle som er innom.
– Vi kan sakne samtalen over skranken. Og vi høyrer frå særleg eldre at dei kjem i opningstida fordi dei vil snakke med oss. Andre synest nok det er greitt å kunne komme når det passar.
Kva pensjonisttilværet skal fyllast med har Eli førebels ikkje gjort seg så mange tankar om.
– Eg veit jo ikkje kva pensjonistar gjer, men eg har høyrt at dei har det veldig travelt, smiler ho.
Ho skal vere litt vikar framover, så heilt borte blir ho ikkje med ein gong. Og når ho tenker seg om:
– Det må kanskje ryddast litt heime i huset.