Regjeringa viser manglande evne til å prioritere
Plus
Regjeringa sendtei april ut innbyding til konkurranse om drift av det regionale flytilbodet i Sør-Norge. Her legg regjeringa opp til eit vesentleg svekka flytilbod til og frå mange lufthamner.
Kortbanenettet er bussen,trikken og jernbana vår på Vestlandet. Det må vi aldri gløyme. For mange innbyggjarar er dagens tilbod ein føresetnad for bruk av helse- og utdanningstilbod og andre sentrale velferdstenester.
For kompetansebedriftene, reisande og for offentlege etatar er kortbanenettet avgjerande for vidare utvikling og konkurransekraft. FOT-rutekjøpet medverkar såleis til både busetjing og verdiskaping, og det har eit stort antall næringslivsaktørar i SFJ gitt klar beskjed om dei siste ukene.
Når infrastrukturenførst er på plass, må den bli tatt i bruk med ordentleg rutefrekvens. Derfor er eg glad for at eit breitt fleirtal på Stortinget no har gått inn for å stanse regjeringa sine kutt.
Ein annan viktig føresetnad for god bruk av kortbanenettet, er at billettprisane er så låge at folk kan nytte seg av tilbodet.
Ved Bringelandhar passasjertalet auka med over 20 prosent frå 2023 til 2025, og næringslivet i regionen er tydelege på at ei vidareføring av dagens tilbod som minimum er avgjerande for lokalisering av både privat og offentleg verksemd i regionen, møteverksemd, kundekontakt og prosjektgjennomføring.
Dårlegare rutefrekvens, redusert kapasitet eller uheldige rutetider vil direkte undergrave konkurranseevna vår på Vestlandet. Med færre avgangar og dyre billettar aukar risikoen høvesvis for tap av kontraktar og arbeidsplassar.
No ber fleirtalet med alle parti utanom Arbeidarpartiet om at regjeringa utarbeider eit nytt anbodsgrunnlag for kjøp av regionale flyruter i Sør-Noreg som sikrar at dagens flytilbod og setekapasitet på dei ulike strekningane vert oppretthalde minst på dagens nivå, med vekt på auka kapasitet på tider med størst behov, utan ei urimeleg prisauke.
For FrP er det viktig at ein sikrar god infrastruktur og framkommelegheit. Her har regjeringa gått inn for eit småleg kutt og demonstrerer manglande evne til å prioritere.