Herold

Å snakke om det

Plus
Kilde: Firda Author: Georg Arnestad, Sogndal Published: 2026-05-13 07:26:55
Å snakke om det

«Skal vi snakke om det?» var tittelen på den nasjonale språkkonferansen i Nynorskhuset i Førde sist i april, skipa til av husets leigetakarar. Konferansen vart marknadsført tungt og omfattande, på inn- og utpust, i fleire månader i forkant. Dette var noko vi alle skulle måtte vere med på! Særleg dei som var så heldige at dei hadde ein arbeidsgjevar som ville ta rekninga.

Konferansen fann sin breie «nisje» i den rådande tidsånda: smarte maskiner, ungdomspråk, samtaleklima, polarisering, berøringsangst og steile frontar. «Vårens viktigaste samtale», som det heitte i den pompøse eigenreklamen.

Og til å kaste ljos over fenomena i tidsånda fann vi i programmet namn som Thomas Seltzer, Gunnstein Akselberg, Kjell T. Ringdal og Helene Uri, dei lokale forfattarane Katrine Sele og Maria Tryti Vennerød og den no, på våre kantar, heilt uunngåelege Finn Tokvam. Og nokre til. Ganske kjekt og fornøyeleg, men trygt og noko profillaust. Konfliktfritt.

Men det gjekk treigt med påmeldinga til konferansen. Dette løyste Nynorskhuset galant ved å tilby kjøp av enkeltbillettar til foredraget til A-kjendisen blant innleiarane, sjølvaste Thomas Seltzer. Det verka! Bortimot full sal for Seltzer. Eit blinkskot som arrangørane påpasseleg fekk med i den triumferande biletserien som Teater Vestland la ut på nett etter konferansen.

Nynorskfylkets einaste sjølvstendige kulturmeldar, Hans Jakob Reite, var snøgt ute på sin Facebook-konto med ein kort omtale av dei fleste innlegga i den langtfrå fullsette salen. Han konkluderer slik: «Arrangementet stod opp til forventningane som eit «oppbyggeleg indremisjonsmøte» for sekta. Motstemmene til «yppersteprestane» (føredragshaldarane) var derimot fråverande. Og kvifor slepte dei ikkje salen bitelitt til, spør han: «Eg ser faren for møteplagarar…. , men uføreseielege innspel frå salen kan også vere forfriskande.»

«Nerven,» seier Reite til meg, «kunne vorte laga med ein saftig motdebattant til Thomas S. Ein KI-entusiast, kanskje? No vart det einsidig skremming.» Mange kommenterte også at det var lite folk, konstaterer Reite. «Men eg hadde ikkje venta fleire - fordi programmet elles var lite utfordrande.»

Firda laga ein liten reportasje frå konferanseinnlegget til Seltzer om kunstig intelligens og litt frå innlegget til Akselberg om ungdomsspråket, kopla med at ein stilleståande buss og ein brennande traktor på E39 nesten hadde ført til at professoren kom for seint til sitt eige innlegg.

Eg har ikkje funne noko omtale frå konferansen på NRK Vestland sine nettsider. Eller i andre aviser, lokale som nasjonale. Også på sosiale medium synest det å ha vore temmeleg taust.

Nynorskhusets første store (nasjonale) konferanse vart tilsynelatande ein liten flopp. Dei mange glitrande honnørorda i innbydinga slo kvarandre i hel. Dei vart knapt nok presenterte, og slett ikkje diskuterte. Konferansen som ville ta opp berøringsangst, synest sjølv å ha vorte offer for sin eigen angst for berøringar. Polariseringa var utegløymt.

I staden for steile frontar fekk vi venninneskryt på indremisjonsmøte. Og teamet «samtaleklima» vert illustrert med Teater Vestland si biletlagde forteljing om kor lærerikt og hyggeleg deltakarane hadde det på konferansen. Her overgår arrangørane og fleire av innleiarane kvarandre i sjølvskryt og venninneprat om den vellukka og viktige konferansen.

Nynorsk språk og formidling er fellesnemnaren for institusjonane og media som soknar til Nynorskhuset i Førde. Men kva er så status for utviklinga av innhald og kvalitet i den språklege formidlinga som desse og andre nynorske medietiltak presenterer for oss i dag?

Ein del observasjonar viser at det her framleis er mykje å gripe fatt i. Gjentekne feil, gjengangarar, slurv og semantisk tvilsame konstruksjonar frå tid til annan pregar framleis mediespråket vårt både på nett og på papir. Viljen til læring om språket vårt synest framleis å vere mangelvare for lokalmedia. Det same gjeld evner til å bruke språket på best mogleg måte!

Men eit lyspunkt, får eg meg fortalt, er den eine journalisten i, av alle, nettavisa Porten.no, som no har fått den geniale ideen å bruke ChatGPT til å rette artiklane ho skriv, til eit godt nynorsk språk. Når ho gjorde det, vart teksten brått omtrent feilfri frå hennar side.

Og kanskje er det så enkelt. Er det den kunstige intelligensen som skal verte redninga for det gode nynorske mediespråket i framtida? Men sjå det, slikt tenkte dei ikkje på i Nynorskhuset i Førde.

Kan dette vere noko å snakke om i 2027?

🏷️ Extracted Entities (18)

Nynorskhuset (entity) Thomas Seltzer (person) Førde (entity) Hans Jakob Reite (person) Gunnstein Akselberg (person) Teater Vestland (organization) ChatGPT (entity) E39 (entity) Facebook (entity) Finn Tokvam (person) Helene Uri (person) Katrine Sele (person) Kjell T. Ringdal (person) Mange (entity) Maria Tryti Vennerød (person) NRK Vestland (organization) Nerven, (entity) Porten.no (entity)