Siri skal utvikle berekraftig reiseliv i Måløy: – Ein gamechanger
Plus
- mai byrja Siri Godtlibsen i stillinga som prosjektleiar i Måløy Adventure. Med bakgrunn frå masterstudium og ei fersk masteroppgåve om berekraftig reiseliv og cruiseutvikling på Vestlandet, kjem ho inn i stillinga med både fagleg tyngde og eit sterkt engasjement for lokalsamfunn og berekraft.
– For oss er dette eigentleg ein game changer, seier dagleg leiar Frank Willy Djuvik i ei pressemelding.
Siri er 28 år gammal og kjem opphavleg frå Bærum, men har budd i Måløy det siste halvanna året. No skal ho vere med å utvikle reiselivet i regionen vidare med særleg fokus på berekraft og lokal verdiskaping.
Skreiv master om cruise og berekraft i Måløy
Før ho byrja i Måløy Adventure hadde Siri allereie samarbeia med både Måløy Adventure og Måløy Vekst gjennom masteroppgåva si. Der undersøkte ho korleis cruise og reiseliv kan påverke berekraftig samfunnsutvikling i distrikta på Vestlandet.
Problemstillinga hennar var: «På kva måte kan cruise og reiselivet påverke berekraftig samfunnsutvikling i distrikta på Vestlandet, med fokus på deltaking og medverknad.»
– Tematikken var heilt ny for meg. Eg kunne veldig lite om både næringsliv, cruise og reiseliv frå før, fortel Siri.
Gjennom arbeidet intervjua ho fleire aktørar innan reiseliv, næringsliv og offentleg sektor i Måløy-regionen. Samtidig fekk ho eit innblikk i både moglegheitene og utfordringane knytt til reiselivsutvikling i distrikta.
– Det som var fascinerande å sjå var korleis samarbeid rundt reiselivet skaper relasjonar, tillit og fellesskap. Mange engasjerer seg fordi dei ønskjer å bidra til noko større enn berre økonomisk gevinst, seier ho.
Vil bygge reiseliv som varer
I masteroppgåva såg Siri særleg på spenningsforholdet mellom økonomisk vekst, miljøomsyn og sosial berekraft.
– Det handlar mykje om balanse. Kva skal vege tyngst? Økonomisk berekraft, sosial berekraft eller miljø? Det eine kan påverke det andre negativt, så ein må finne gode løysingar som fungerer i praksis, forklarar ho.
Ho peikar også på kor viktig det er å involvere både lokalsamfunn, næringsliv og offentlege aktørar i utviklinga av reiselivet.
– Om ansvaret for medverknad hamnar mellom to stolar, risikerer ein at det forsvinn heilt.
Djuvik meiner nettopp dette perspektivet blir viktig for Måløy Adventure framover.
– Vi ønskjer å få berekraftfokuset mykje tydelegare. Ei viktig side av berekraft er lokal verdiskaping – at reiselivet faktisk gir verdi tilbake til lokalsamfunnet gjennom arbeidsplassar, aktivitet og investeringar. Samtidig skal vi ta vare på naturen, klimaet og den sosiale berekrafta. Det er den balansen vi ønskjer å finne, seier han.
Trur på heilårsturisme
Eit av områda Siri ønskjer å jobbe vidare med er korleis Måløy kan utvikle meir heilårsturisme.
– Eg har lese mange strategiplanar for cruise og reiseliv, og ein ting som går igjen er heilårsturisme. Korleis kan ein skape aktivitet og arbeidsplassar som varer heile året, ikkje berre i cruisesesongen? seier ho.
Ho meiner Måløy har eit stort potensial både innan naturbaserte opplevingar og som reisemål for norske turistar.
– Før eg flytta hit visste eg eigentleg ikkje kvar Måløy var. Men når folk først ser kor fint det er her ute, så blir dei ofte overraska. Vi må bli flinkare til å setje Måløy på kartet nasjonalt også.
Reiste på linefiske medan han venta på studieplass – møt vår nye kommuneoverlege
– Eg blir framleis slått av kor fint det er her
Sjølv etter halvanna år i Måløy opplever Siri framleis naturen og kystlandskapet som noko heilt spesielt.
– Eg tek meg framleis i å stoppe opp og tenkje: “Shit, det er fint her.” Det er noko med havet, fjella og kysten som gir ein heilt spesiell følelse.
Ho trekk fram område som Refviksanden, Kråkenes fyr og Kvalheim som nokre av favorittstadene sine.
– Eg trur ikkje eg kunne budd her viss eg ikkje var eit naturmenneske. Hav og fjell betyr veldig mykje for meg.
Wenche blei sjukmeld. Då utbetalinga kom frå Nav, fekk ho sjokk
Viktig for rekruttering og tilflytting
For Måløy Adventure handlar tilsettinga også om noko større enn berre ei ny stilling.
– Det at vi kan tilby ein tilflyttar til Måløy ein spennande og attraktiv jobb som gjer at dei ønskjer å bli verande her, det er også ein viktig del av samfunnsoppdraget vårt, seier Frank Willy Djuvik.
Han meiner Siri kjem inn med ein unik kombinasjon av lokal innsikt og fagkompetanse.
– Ho har allereie sett seg grundig inn i både utfordringane og moglegheitene vi har her i Måløy. Samtidig har ho ein fagleg og systematisk tilnærming som blir veldig verdifull for oss vidare.
No ser både Siri og resten av teamet fram til ein travel og spennande sesong.
– Det er kanskje litt lettare å skrive om utfordringane enn å handtere dei i praksis, seier Siri og ler.
– Men då må ein berre vere kreativ.
Meir om Måløy:
Tek minibussertifikat for å frakte cruiseturistar: – Her må alle bidra!
Sprudlar av optimisme for badet og trur på tidleg oppstart
– Betre å bruke 25 millionar på ein svømmehall, enn på ei tomt
Raudeberg kjempar vidare: Skule stenger, badeanlegg blir avvist – men bygdefolket nektar å knele
Audhild Viken vil ha ein del av cruisekaka i Måløy
Butikkane i Måløy jublar: – Viktig trafikk for oss