Slår alarm om Drangedals fylkesvegar: – Me har vegar for ei anna tid, og dei er dødsfeller
Plus
Høgre-politikar Øystein Rugtveit er sterkt kritisk til tilstanden på fylkesvegane i Drangedal
Han fryktar for trafikktryggleiken, særleg for mjuke trafikantar, og meiner manglande vedlikehald og feilprioriteringar har gjort delar av vegnettet til dødsfeller. Rugtveit krev at Drangedal kommune samlar seg og pressar fylkeskommunen og sentrale styresmakter for å sikre nødvendig finansiering.
– Eg har vore litt frustrert overfor dei to bruene vi heldt på med i Tørdal nå, seier Rugtveit. Han peikar på at sjølv om det blir brukt millionar på oppgradering, blir det ikkje gjort ei bruutviding. Dette skapar ein flaskehals kor farlege situasjonar oppstår.
Rugtveit understrekar at det i kommuneplanen låg inne eit ønske om gang- og sykkelveg over Svarthølbrua, noko som nå blir ei tapt moglegheit.
– Fylket kan lage ei gangbru ved sidan av. Det hadde jo løyst problemet til dei mjuke trafikantane, men ikkje flaskehalsen for den øvrige trafikken.
Høgre-politikar Øystein krev flaumsikring: – Undergangen må få nok kapasitet
Bygd på myr med dårleg drenering
Den dårlege vegtilstanden er ikkje bare eit problem i Tørdal. Fylkesveg 38 (Fv. 38) mellom Bostrak og Bø får hard kritikk.
– Det som er det verste, er eigentleg vegkroppen eller veglegemet på Fv 38. I området nærast Bø i Tørdal, så har eg forstått på dei eldre at den vegen ligg delvis på myr og er kloppa, forklarar Rugtveit.
Dette betyr at vegen ikkje har eit solid fundament med god drenering. Resultatet er store problem med frostheving (telehiv) på grunn av dårlege massar.
– Vatnet får ikkje fart vekk frå veglegemet gjennom grøfter, så du får ein veldig stor heving og senking i telehiven, som øydelegg vegen. Det er viktig å få vatnet fort vekk frå veggrunnen der grøftene må tilstrekkeleg helling for å få drennert vekk vatnet, seier politikaren, og legg til at grøftene ofte ikkje held unna vassmengdene.
Dersom det ikkje finst midlar i investeringsbudsjettet til fylkeskommunen, så må det bli teke over vedlikehaldsbudsjettet. Dette gjeld grøfting som eit mellombels tiltak.
– Eg trur ein må skrape vegen, for nå ligg det lag på lag med asfalt, så det må jo skrapast ned. Og så må du avrette vegen for å legge eit nytt dekke. Då ville det hatt ein veg i kanskje ein tiårs tid. I tillegg til å grøfte ordentleg
Auka trafikk og dødsfeller
Trafikkmengda på fylkesvegane i Drangedal har auka kraftig dei siste åra. Mykje av trafikken frå E18, finn også vegen til Fv. 38 vestover, og det kan blir ytterlegare trafikk frå datasenterutbygginga i Fyresdal. I tillegg pendlar over 800 personar frå Drangedal til Grenland og Kragerø.
– Det er éin ting at du øydelegg din eigen bil og hoppar opp og ned på desse vegane. Viss me tenker trafikktryggleik, og så er det dei som køyrer sykkel, og kjem ein haustkveld der, og det er litt regn og mørkt, og det er plass til eit heilt hjul nedi nokre av sprekkane som har vore i vår, så er det dødsfelle, åtvarar Rugtveit.
Han trekk fram den farlege brua på Voje og den manglande vegutvidinga ved Sandneslangen som andre døme på problemområde.
– Me har vegar for ei anna tid, konstaterer Rugtveit.
Krev midlar oppover, ikkje nedover
Høgre-politikaren er klar på at kampen for betre vegar må førast på eit høgare nivå. Han kritiserer tendensen til å flytte kostnadene nedover i systemet.
– Underfinansierte fylke vil jo gjerne flytte kostnadene til fattige kommuner. Og kva gjer Drangedal kommune, som er ein fattig kommune? Den vil jo flytte kostnadene ned til grunneigarar og innbyggjarar. Og det har eg vore veldig motstandar av, seier han.
Rugtveit meiner privatisering av småvegar, der innbyggjarane sjølve må ta rekninga, er ein dårleg strategi for å skape busetnad og trivsel i distrikta. Han peikar på at det særleg råkar eldre og dei med dårleg økonomi, som i dei verste tilfella kan risikere å miste bortimot ei heil månadsløn på å finansiere vegvedlikehald.
– Du tek frå den som har minst. Det er ikkje ei rettferdig ordning. I staden for å kaste rekninga nedover, må du heller kjempe for å få tilstrekkelege midlar til gode kommunale vegar og fylkesvegar.
– Då må dette til eit høgare nivå som Stortinget og Finansdepartementet. Det må løftast oppover, ikkje nedover, fastslår Rugtveit.
Drangedal må vera tydelege
Rugtveit understrekar at Drangedal kommune må ta initiativ og vera tydeleg i sin kommunikasjon med beslutningsmyndigheitene.
– Fylket har nok ikkje full oversikt over alle vegane dei har. Så her må kommunen og kanskje Trafikksikkerheitsutvalet sette seg ned og gå gjennom kva vegar dei har - både kommunale vegar og fylkesvegar, seier han.
Han meiner at det øvste politiske nivået i Drangedal må gje eit klart signal til administrasjonen, som også må jobbe fagleg inn mot fylket saman med den politiske tyngda.
– Me må vera mykje meir konkrete. Og ikkje bare stille med ei ønskeliste, for ei ønskeliste blir ikkje innfridd. Me må legge press på beslutningstakarane, men me må også planlegge saman med dei, avsluttar Rugtveit.
Drangedal kommune slår alarm om vegar: – Føler oss oversett av fylkeskommunen