Kjøper seg inn i reiseselskap som rettar seg mot pengesterke turistar
Plus
Selskapet som Gulen-investor Stein Inge Larsen no går inn på eigarsida i, skreddarsyr eksklusive ferieopplevingar for turistar som vil nyte Norge heilt ut.
Har du litt meir pengar enn den vanlege mannen i gata?
Då kan kanskje du bruke litt ekstra på dei mest luksuriøse framkomstmidla du kan tenke deg: Yacht, helikopter og bil med privatsjåfør.
Norske Protocol 47 spesialiserer seg på feriegjestar som ønsker seg det vesle ekstra ut av opphaldet sitt i Norge. For nokre gjestar er berre det beste og mest luksuriøse godt nok. Då kan selskapet stille med sjåfør, privatkokk og butler.
Protocol 47 har frå tidlegare tre aksjonærar i ryggen. No går Gulen-investor Stein Inge Larsen inn som ein fjerde.
– Dette er eit spanande selskap med tydelege ambisjonar, seier Larsen i ei pressemelding om den nye satsinga si.
Reisebyrået har vakse kraftig. No får dei stor lokal investor med på laget
Luksus er i skotet
Den siste tida har investoren tatt eit stort steg i satsinga si på turisme. For tida står han bak bygginga av eit hotell i Nedgardsvika på Byrknes.
Sluttsummen for prosjektet som etter planen skal stå ferdig seinsommaren 2027 er på 250 millionar kroner.
Når Larsen no går inn som aksjonær i Protocol 47 går han inn i eit selskap som opplever at etterspurnaden etter tilboda deira er stor. Stadig fleire pengesterke turistar ønsker at opphaldet deira i Norge skal bli så godt som mogleg.
– Vi ser store moglegheiter framover, seier dagleg leiar Christine Grieg-Lie
Satsar vidare
Om den nye aksjonæren dei har fått med på eigarsida, seier Grieg-Lie dette.
– Å få Stein Inge Larsen på laget er ei sterk bekrefting på strategien vi har utvikla.
Selskapet har trua på at med ein ny eigar på laget, vil dei fortsette veksten sin innan luksusmarknaden for turisme i Norge.
– Eg har trua på selskapet sin vekststrategi og ser betydeleg potensial i marknaden for eksklusive reiser framover, seier Larsen.
Dette er visjonane for det luksuriøse hotellet