Herold

Nytt nederlag for regjeringa: Opposisjonen samlar seg om «flybrølet»

Kilde: NRK Author: Håvard Nyhus Published: 2026-05-13 06:11:01 Last updated: 2026-05-13 11:51:10
Nytt nederlag for regjeringa: Opposisjonen samlar seg om «flybrølet»

Berre veker etter at «dieselbrølet» stilna, er Stortinget i ferd med å påføre regjeringa eit nytt prestisjenederlag. No kjem «flybrølet».

Høgre, Frp, Sp, SV, Raudt, MDG, KrF og Venstre inviterte i føremiddag til felles pressekonferanse.

Konferansen blei først omtala av Firda.

Målet er å tvinge regjeringa til å gjere om på det offentleg subsidierte flyrutetilbodet (FOT-rutene) som vart lagt fram i slutten av april.

Då regjeringa presenterte justeringa av FOT-tilbodet, omtalte dei det som ei «god nyheit».

Responsen lét ikkje vente på seg: Forslaget vart straks stempla som både «småleg» og «distriktsfiendtleg».

Sidan har debatten gått høgt i fleire parti, og i dag samlar ein brei allianse seg om eit felles forslag for å tvinge regjeringa i kne på nytt.

Ein allianse frå Raudt til Frp

Heilt konkret krev partia at regjeringa går tilbake til teiknebrettet og lagar ei ny «bestillingsliste» før dei inngår nye kontraktar med flyselskapa (i praksis Widerøe og DAT (Danish Air Transport)).

Ved å krevje eit nytt anbod, ber opposisjonen regjeringa om å endre spelereglane for dei neste kontraktane.

Ordlyden i forslaget

Stortinget ber regjeringa utarbeide eit nytt anbodsgrunnlag for kjøp av regionale flyruter i Sør-Noreg (FOT-ruter) som sikrar at dagens flytilbod og setekapasitet på dei ulike strekningane vert oppretthalde minst på dagens nivå, med vekt på auka kapasitet på tider med størst behov, utan ei urimeleg prisauke og seinast innan 15. juni 2026 innby til ny konkurranse basert på dette.

Etter det NRK erfarer, er stortingsfleirtalet ueinige om pris. Fleirtalet gjeld berre anbodskrav om frekvens og kapasitet.

– Dette er fantastiske nyheiter som betyr utruleg mykje for oss som bur og jobbar her, seier Tatyana Søreide Klepaker.

Onsdag morgon er ho på veg til Oslo frå flyplassen i Førde.

Ho reiser mykje i jobben for Lotteritilsynet, og seier at eit godt flytilbod er «avgjerande for logistikken heime».

– Utan dette måtte vi ha reist via Bergen eller Sogndal, noko som krev meir planlegging, tek lengre tid og kostar meir.

– Det er svært praktisk og gledeleg om tilbodet består, seier Tatyana Søreide Klepaker.

Gamle og nye takster

Det er sjeldan kost at nesten heile opposisjonen står skulder ved skulder i ei samferdselssak.

Bakgrunnen er at kortbanenettet er ein nødvendig del av infrastrukturen i eit langstrekt land, noko som gjer saka politisk potent.

For Senterpartiet har indignasjonen òg ein historisk ballast: Då partiet sat i regjering, vart prisane på FOT-rutene halverte.

– Dette er stikk i strid med målet om å utvikle heile Noreg, sa Trygve Slagsvold Vedum i april.

NRK sin politiske kommentator Lars Nehru Sand forklarer kvifor opposisjonen samlar seg mot forslaget frå regjeringa om kutt i flyruter i distrikta.

Økonomi mot distriktspolitikk

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) har forsvara grepet med at ordninga må vere økonomisk berekraftig.

Løyvingane til flyrutekjøp har stige frå 962 millionar kroner i 2023 til 2,5 milliardar kroner i 2026.

– Dei regionale flyrutene er avgjerande, men vi må gjere nokre justeringar for å sikre at ordninga er berekraftig over tid. Vi må vege krava til tilbodet opp mot utgiftene til staten, seier statsråden.

Sp, SV, Raudt og MDG har ein budsjettavtale med regjeringa for 2026. Fristen for å levere inn anbod er no i sommar. Innkjøpet av nye FOT-ruter har likevel ikkje budsjettmessige konsekvensar før neste år, i 2027.

– Vi må sjå kva teksten faktisk inneber, for dei som står bak, tolkar forslaget ulikt. Eg merkar meg at Høyre er med på eit hastevedtak som kan ha betydelege budsjettkonsekvensar. Vi bør ha vanleg saksbehandling for å finne ut kva ting kostar, i staden for å ta vedtak som kan ha utilsikta verknader, seier finansminister Jens Stoltenberg.

Systemkollaps eller taktisk stille

– Noreg har ein svært dyr og lite føremålstenleg flyplasstruktur, så det er ikkje overraskande at regjeringa ser behov for å redusere kostnadene, seier Haakon Riekeles Civita.

Han legg til:

– Men det hadde vore klokare å endre sjølve strukturen, særleg der fleire lufthamner ligg nær kvarandre, enn å berre gjere generelle kutt i tilbodet.

I tillegg har dei teknologiske føresetnadene for kortbanenettet vore eit heitt tema.

Kritikarar har lenge hevda at debatten om framtidas FOT-ruter er prega av at partane på begge sider av bordet er tente med å snakke forbi dei tekniske og økonomiske realitetane.

Resonnementet er som følgjer: Dersom samferdselsministeren seier rett ut at «vi har ikkje fly som kan lande her om fem år», innrømmer han samstundes at staten har svikta i den langsiktige luftfartsstrategien.

På den andre sida: Dersom «flyopprørarane» godtek premissen om at «flya ikkje finst», gir dei samstundes frå seg sitt viktigaste våpen: kravet om at staten skal levere det dei har lova.

Endring i setekapasitet (vekentleg)

Verdsleiande på vedlikehald

Mot dette blir det hevda at Widerøe i dag er verdsleiande på vedlikehald av flytypen Dash 8. Selskapet har program for å forlenge den tekniske levetida til flya med mange år.

I tillegg finst det ein global marknad for brukte flyskrog som kan oppgraderast til norsk standard.

– Eg er heilt trygg på at vi også i framtida vil kunne sikre eit godt og tilgjengeleg flyrutetilbod i heile landet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Han viser til at flya som blir brukte på kortbanenettet i dag – Dash 8 100/200 med 39 sete – er venta å kunne vere i drift heilt fram mot 2040.

– Det kan òg vere mogleg å forlenge levetida noko etter dette.

– Samstundes jobbar regjeringa med å legge til rette for ei målretta innføring av ny teknologi. Det første testprogrammet med eit batterielektrisk fly er allereie gjennomført, og i 2027 er planen å starte eit nytt testprosjekt med hybridelektriske fly. Slike fly kan på sikt både bli eit alternativ til dagens flytypar og skape nye måtar å flytte varer og menneske på.

Samferdselsministeren: – Forståeleg at det skaper engasjement

– Fot-rutene er viktige for befolkninga i distrikta, og det er heilt forståeleg at det skaper engasjement når vi justerer krava til tilbodet i forkant av ein ny kontraktsperiode. Desse justeringane gjer vi for å kunne halde oppe det viktige tilbodet også i framtida. Endringane er baserte på nøye vurderingar og objektive transportfaglege kriterium, og skal bidra til å sikre at Fot-ordninga er berekraftig over tid.

– Billettprisane på Fot-rutene blei halverte før oppstart av gjeldande avtaleperiode. Det gjorde tilbodet meir tilgjengeleg for fleire, samtidig som det blei kjøpt meir kapasitet i tråd med forventa etterspørselvekst. Utgiftene staten hadde til Fot-kjøp har derfor stige mykje.

– I tillegg opplever operatørane nå auka kostnader, på blant anna til flydrivstoff. Prisjusteringa er ein viktig føresetnad for å kunne halde oppe tilbodet. Endringane på kapasitetssida handlar om å tilpasse tilbodet betre til faktisk etterspørsel. På nokon ruter har det vore overkapasitet, og det er ikkje formålstenleg å betale for fleire tomme sete enn nødvendig. Samtidig er kapasitetskrava økt på ruter der behovet er større.

– Passasjertala i Sør-Noreg har halde seg relativt stabilt over tid. I tida før 1. april 2024 var prisane reelt sett høgare enn det regjeringa har foreslått for neste kontraktsperiode. Eg er derfor ikkje bekymra for ein bratt nedgang i etterspørselen etter Fot-reiser i Sør-Noreg etter 1. november 2027.

Medan samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) argumenterer for at ordninga må vere «økonomisk berekraftig», krev ein samla opposisjon at han går tilbake til teiknebrettet for å sikre kapasiteten i distrikta.

🏷️ Extracted Entities (37)

FOT (entity) Distriktspolitikk (Nordland) 📁 (category) Luftfart 📁 (category) Luftfart i nord 📁 (category) Nyheiter frå Vestland 📁 (category) Næringslivet i Vestland 📁 (category) Politikk og samfunn 📁 (category) Raudt (entity) Samfunn 📁 (category) Samfunnsliv 📁 (category) Sør-Noreg (entity) Widerøe 📁 (category) Frp (entity) Haakon Riekeles Civita (person) MDG (entity) SV (entity) Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård Ap (organization) Widerøe (entity) Bergen (entity) DAT Danish Air Transport (organization) Dash (entity) Firda (entity) Førde (entity) Høyre (entity) Jens Stoltenberg (person) KrF (entity) Lars Nehru Sand (person) Lotteritilsynet (entity) Noreg (entity) Oslo (place) Senterpartiet (entity) Sogndal (place) Sp (entity) Stortinget (entity) Tatyana Søreide Klepaker (person) Trygve Slagsvold Vedum (person) Venstre (entity)

📊 Metadata

Category: Luftfart, Widerøe, Distriktspolitikk (Nordland), Luftfart i nord, Politikk og samfunn, Samfunn, Samfunnsliv, Nyheiter frå Vestland, Næringslivet i Vestland
OpenGraph Title: Krev at regjeringa snur om flyruter
Twitter Title: Krev at regjeringa snur om flyruter