Herold

Bergen kommune forbyr elsparkesyklar på Torgallmenningen og Festplassen

Kilde: NRK Author: Espen Hatlestad Published: 2026-05-13 11:34:48 Last updated: 2026-05-13 12:13:02
Bergen forbyr elsparkesyklar i delar av sentrum

Frå måndag 18. mai blir det innført permanent forbod mot å bruka elsparkesykkel frå utleigeselskap på Torgallmenningen og Festplassen.

Byrådet i Bergen har avgjort å stenga nokre av dei mest sentrale områda i byen for bruk av elsparkesyklar frå utleigeselskap.

Det blir innført digitale forbodssonar, som fungerer slik at motorkrafta til elsparkesyklane blir kutta når ein brukar kjem til den digitale grensa.

Byrådet opplyser at det difor ikkje blir behov for å setja opp forbodsskilt.

FORBOD: I dei raude sonane blir det ikkje lov med elsparkesyklar.

– Skal vera trygt for alle i sentrum

Byutviklingsråd Eivind Nævdal-Bolstad frå Høgre seier det skal vera trygt å ferdast i sentrum, og at både små og store skal kunne vera her utan å frykta å bli påkøyrde.

– Elsparkesyklane er heller ikkje dei finaste installasjonane i byen vår. Difor fjernar me også parkeringsmoglegheitene i desse ikoniske områda, seier byråden.

BYRÅD: Byutviklingsråd Eivind Nævdal-Bolstad frå Høgre meiner delar av sentrum klarar seg utan elsparkesyklar.

Parkeringsplassane for elsparkesyklane ved Sjømannsmonumentet og Festplassen blir no fjerna.

– Me meiner dette er viktige byrom som klarar seg utan slik trafikk og visuell støy som elsparkesyklar utgjer, seier Nævdal-Bolstad til NRK.

Forbod etter bystyrevedtak

I april vedtok eit fleirtal i bystyret å innføra slike forbodssonar, og det er dette vedtaket byrådet no følgjer opp.

I samband med 17. mai vil heile indre sentrum vera stengd for elsparkesyklar frå 16. mai klokka 23 til 18. mai klokka 05.

Torgallmenningen og Festplassen vil ikkje opna att etter dette.

PARKERT: Framover må du setja slike frå deg utanfor Torgallmenningen og Festplassen.

Nævdal-Bolstad seier dette er ein del av ei større innstramming dei siste åra.

– Dei siste åra har me sett mykje uvettig køyring. Difor har me stramma inn på talet på elsparkesyklar, innført fleire sakte-sonar, og utvidar no med forbodssonar.

Uvisst om det kjem fleire forbodssonar

I april var det tre selskap som fekk høve til å leiga ut elsparkesyklar i Bergen. Det er Ryde Technology, Lime og RideMovi.

TORGALLMENNINGEN: Frå måndag kan du ikkje køyra elsparkesykkel frå utleigeselskap her.

Tildelinga av løyvet har ei varigheit på eitt år.

Byutviklingsråden kan ikkje svara no på om det blir aktuelt med fleire forbodssoner.

– Dette er dei to områda som bystyret har bede om blir innførte. Eg er glad for at det no blir gjennomført, seier Nævdal-Bolstad.

🔗 Related Articles (2)

View Graph
Det blir totalforbud mot elsparkesykler på Torgallmenningen og Festplassen i Bergen
VG · 2026-05-13 10:39:25
Festplassen Torgallmenningen Bergen Nyheter Byutviklingsbyråd Eivind Nævdal-Bolstad H Lime RideMovi Sjømannsmonumentet
Nå er det slutt
Dagbladet · 2026-05-13 10:43:28
Festplassen Innenriks Nyheter Bergen Torgallmenningen Byutviklingsbyråd Eivind Nævdal-Bolstad H Nævdal-Bolstad Sjømannsmonumentet

🏷️ Extracted Entities (11)

Byutviklingsråd Eivind Nævdal-Bolstad (organization) Festplassen (entity) Nyheiter frå Vestland 📁 (category) Samferdsel 📁 (category) Byrådet i Bergen (organization) Høgre (entity) Torgallmenningen (entity) Lime (entity) RideMovi (entity) Ryde Technology (person) Sjømannsmonumentet (entity)

📊 Metadata

Category: Samferdsel, Nyheiter frå Vestland
OpenGraph Title: Bergen kommune forbyr elsparkesyklar på Torgallmenningen og Festplassen
Twitter Title: Bergen kommune forbyr elsparkesyklar på Torgallmenningen og Festplassen