Herold

Flytilbodet mÄ vidareutviklast

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Av Stig Ove Ølmheim, ordfĂžrar i Sogndal og regionrĂ„dsleiar Sogn RegionrĂ„d – pĂ„ vegner av Sognaregionen Published: 2026-05-13 05:51:17
Flytilbodet mÄ vidareutviklast

Sogn er ingen utkant.

Regionen har sterke lokalsamfunn, hĂžg verdiskaping, kompetansemiljĂž, internasjonalt nĂŠringsliv og eit reiseliv i verdsklasse.

Dette fÞreset gode og fungerande samferdselslÞysingar. NÄr staten no endrar sentrale rammevilkÄr utan Ä ta reelle konsekvensar for distrikta pÄ alvor, er det grunn til uro.

BÄde Sognaregionen og nÊringslivet i Indre Sogn har levert tydelege frÄsegner i saka. Over 100 verksemder og arbeidsgjevarar har samla seg om ei felles uttale: flytilbodet ved Sogndal lufthamn mÄ ikkje svekkjast.

Sogndal lufthamn, HaukÄsen, er ikkje luksus. Flyplassen er ei livsnerve for Sogn. Flyruta til Oslo er avgjerande for nÊringsliv, offentleg sektor, utdanning og anna persontrafikk.

Ruta til Bergen er viktig for samhandling med Vestland fylkeskommune og vidare reisekoplingar.

Difor er uroa stor nĂ„r endringar i FOT‑ordninga legg opp til fjerning av tidskrav som sikrar reelle dagsreiser, redusert kapasitet og hĂžgare billettprisar.

Dette er ikkje tekniske justeringar, men strukturelle grep som fÄr store konsekvensar.

For nĂŠringslivet betyr det hĂžgare kostnader, meir tapt arbeidstid og svekt konkurranseevne. For offentleg sektor betyr det dyrare reiser og vanskelegare rekruttering.

Varetransport og flyfrakt er avgjerande for fleire av Äre industriverksemder. Dette tilbodet vert ogsÄ redusert, med fare for konkurranseevne og arbeidsplassar.

Flytilbodet vĂ„rt mĂ„ koplast med buss, bĂ„t og ferje. Manglande samordning bryt reisekjeda. Sogneregionen har vedteke ein felles mobilitets‑ og samferdselsplan.

Vi set fokus pÄ desse problemstillingane og stÄr samla om prioriteringane.

Dette er distriktspolitikk i praksis. Reduserer vi flytilbodet, byggjer vi ned utviklingskrafta i Sogn. Det er eit politisk val.

đŸ·ïž Extracted Entities (8)

Indre Sogn (person) Bergen (entity) FOT‑ordninga (entity) HaukĂ„sen (entity) Oslo (place) Sognaregionen (entity) Sogndal (place) Vestland (place)