Herold

Sender ut melding til alle foreldre: – Me har ikkje sett dette omfanget tidlegare

Plus
Kilde: Hordaland Author: Sara Finne Kayser Published: 2026-05-12 19:11:07
Sender ut melding til alle foreldre: – Me har ikkje sett dette omfanget tidlegare

Natt til 17. mai nærmar seg. Politiet, heradet og Voss ungdomsskule tek no grep for at natt til 1. mai ikkje skal gjenta seg.

– Me ser at me må gå endå tydelegare ut til alle ungdomsforeldre, seier Kristine Akselberg, leiar for ungdomsavdelinga i Voss herad.

Natt til 1. mai var det mykje bråk i sentrum, med fleire slåstkampar mellom ungdom.

I tillegg var det mykje ungdom som samla seg ved aktivitetsparken i Prestegardsmoen, og Akselberg seier at ting kom ut av kontroll her.

– Det som er nytt i år er at servicebygget til Utebassenget er ferdigstilt. Då er det også mykje meir innbydande for ungdommane å vera i dette området, og det kan fort bli eit problem. Dei vaksne som var på jobb ute denne kvelden observerte mykje alkohol, men også andre rusmiddel. I tillegg var det utruleg mykje flaskeknusing, dårleg oppførsel og lite respekt frå enkelte mot dei vaksne som var på jobb.

– Sekkevis med knuste flaskar

Akselberg seier ho tykkjer det heile er trist.

– Her har me eit fantastisk nytt område ved aktivitetsparken, som akkurat er ferdigstilt, og som innbyr til å vera ein møteplass. Og så vert det behandla på denne måten. Det vart plukka opp sekkevis med knuste flasker, og det er berre flaks at ikkje noko vart øydelagd.

Ho er også uroa over utviklinga i festkulturen.

– Det var ungdommar heilt nede i 9. klasse. Det var ikkje noko kjekt å vera på jobb som vaksen den kvelden, og sjå at det var så mange ungdommar og mindreårige som drakk. I tillegg er det ulovleg å drikka på offentleg stad, men det er i så stort omfang at det vart umogleg for politiet å handheva, seier ho.

Ber foreldre ta grep

No har heradet, i samarbeid med politiet, sendt ut melding til foreldre ved alle dei tre ungdomsskulane i Voss herad.

Her oppmodar dei sterkt om at ungdom i ungdomsskulealder og yngre, ikkje oppheld seg i Voss sentrum etter klokka 21 laurdag 16. mai.

Heradet har tidlegare gått ut med informasjon om at aktivitetsparken vert stengd klokka 21 denne kvelden.

Akselberg håpar at fleire ungdomsforeldre tør å setja tydelege grenser.

– Dei må få ungdommane sine heim. Me veit av erfaring at det er etter midnatt at det aller meste skjer. Om ungdommane er ute er det større sjanse for at dei kan bli utsett for til dømes vald eller seksuelle overgrep, seier ho.

– Forventar det av foreldra

Rektor ved Voss ungdomsskule, Kåre Grevle, seier at han forventar at foreldra fylgjer opp meldinga.

– Det er faktisk eit foreldreansvar å passa på at ungdomsskuleelevar ikkje er på Vangen natt til 16. mai. Og det gjeld også natt til 15. mai.

Også han registrerer ei negativ utvikling med uro i enkelte ungdomsgjengar.

– I skuletida ser me ikkje så mykje av det, men det er eit aukande problem med konfliktar på kveldstid. Ofte stammar dette frå ting som har skjedd på sosiale medium. Ungdommane våre er flotte, men dei treng tydelege vaksne og tydelege foreldre rundt seg. Og det er viktig å også fylgja med på ungdommar som ikkje er dine eigne, seier Grevle.

Han tykkjer samarbeidet med foreldra på Voss ungdomsskule fungerer bra.

– Me har foreldre som vilnoko, og det er veldig bra. Me ser gong på gong at viss foreldra står saman, så får me bukt med problema mykje raskare.

– Det er lov å vera streng

FAU-leiar på Voss ungdomsskule, Ann Christin Nøss, seier at FAU også har hatt møte der ungdomsuro var på agendaen.

– Dei aller fleste ungdommane er veldig kjekke, men så har du nokon få som øydelegg for dei andre. Då er det viktig at me tør å vera vaksne og seia nei. Politiet har vore tydelege på at ungdomsskuleelevar ikkje har noko å gjera på Vangen etter klokka 21, seier ho.

Ho oppmodar foreldre til å gå saman for å skapa alternative møteplassar på 16. mai, utan alkohol.

– Eg forstår godt at dei har eit behov for å møtast, og eg forstår godt at det er spennande å henga i Prestegarsmoen. Slik var det jo også for oss då me var unge. Difor er det viktig at me legg til rette for noko anna. No skal mellom anna Voss Gatebil ha eit arrangement denne kvelden, som eg trur vil trekkja til seg ein del ungdommar.

Det viktigaste foreldra kan gjera er å vera vakne, meiner ho.

– Sjekk opp kvar ungdommane er, og dobbeltsjekk om det stemmer. Ver ein trygg og god vaksen, men ikkje gløym at det er lov å vera streng!

Sara Finne Kayser bio

Russepresidentane har ein klar beskjed til alle ungdomsforeldre på Voss

🏷️ Extracted Entities (10)

Voss Gatebil (person) Kristine Akselberg (person) Kåre Grevle (person) Vangen (entity) Ann Christin Nøss (person) FAU (entity) Prestegardsmoen (entity) Prestegarsmoen (entity) Sara Finne Kayser (person) Utebassenget (entity)