Slik blir kongebesøket i Vaksdal
Plus
- mai kjem Kong Harald og Dronning Sonja til Vaksdal kommune.
Vaksdal er ein av ni kommunar i Noreg som kongeparet enno ikkje har avlagt eit offisielt besøk til.
No i mai skal kongeparet vitja fire av desse kommunane, som eit ledd i målet om å besøka alle landets kommunar.
Besøket startar i Etne (26. mai), før turen går til Samnanger og Vaksdal (27. mai), og avsluttast i Askvoll (28. mai).
Folkefest på Dale skule
- mai legg Kongeskipet til kai i Samnanger, og det vil vera ei markering der, før kongeparet kjem i bilkortesje til Vaksdal kommune.
Folkefesten i Vaksdal skal skje på Dale skule sitt uteområde.
– Me har fått på plass eit flott og variert program for dette historiske besøket. Kongeparet vert tekne imot av ordførar Hege Eide Vik og fleire andre representantar. Det blir eit scenearrangement med kulturinnslag frå skulane, kor og korps med fleire, skriv Vaksdal kommune i ei pressemelding.
Tettpakka program
Sceneprogrammet ved Dale skule blir leia av Jørn Øyrehagen Sunde og Anna Bergo.
– Programmet startar med song frå elevar ved skulane i kommunen. Eit felles elevkor framfører «Bynært bygdeliv», som vart Vaksdal sin eigen song då kommunen deltok i det nasjonale programmet Syngjande kommune. I løpet av programmet får kongeparet også høyra elevar fortelja om bygdene våre: Dale, Bergsdalen, Vaksdal, Stanghelle, Stamnes, Eidsland og Eksingedalen. Det blir innslag frå lokale kor, kulturskulen, unge musikarar og etablerte artistar.
Desse skal bidra frå scena:
- Frida Amundsen og elevar frå Vaksdal kulturskule
- Kilden og Kordial blandakor
- The Deepest Echo
- Dale Mannskor
- Elevar frå skulane i Vaksdal kommune
- Eirik Straume Normann
- Felleskorpset og SFO-korpset
Det blir også tale ved ordførar Hege Eide Vik, og kongeparet skal halda tale.
Oppvising frå Kongens Garde
Etter at sceneprogrammet er ferdig og besøket til kongeparet er over, vert det oppvising av Kongens Garde på parkeringsplassen utanfor Dalehallen.
Gardistane kjem også til å besøka Jamnetunet på Vaksdal seinare på dagen.
Etter arrangementet ved Dale skule går turen vidare til Dale of Norway.
Her får kongeparet besøka ei av dei viktigaste hjørnesteinsverksemdene i Vaksdal kommune.
Under besøket får kongeparet høyra meir om historia og utviklinga til verksemda, og sjå delar av utstillinga.
Kongeparet får også møta representantar frå Vaksdal idrettsråd.
Dei skal fortelja om arbeidet med å sikra at alle barn kan delta i aktivitetar, mellom anna gjennom Allemed-prosjektet i Vaksdal kommune.
Bedriftsbesøket hjå Dale of Norway er eit lukka arrangement.
Kort om Kongeparbesøket
Stengjer sentrum
Det vil bli eit stort sikkerheitsopplegg rundt arrangementet.
Store delar av Dale sentrum vil også verta stengd for trafikk denne dagen, og det er lagt opp til fleire parkeringssoner.
Kommunen oppmodar alle som kan til å gå eller reisa kollektivt.
Du kan lesa meir om praktisk informasjon på Vaksdal kommune sine heimesider.
– Me gler oss stort til å ynskja kongeparet velkomne til Vaksdal, og til å visa fram noko av det beste kommunen vår har å by på. Me håpar mange vil vera med og gjera dagen til ein minnerik folkefest.