Den vesle villreinen som nekta å dra heim: – Heilt spesielt
Nå kan han bli frakta til fjells i hestehengar.
– Det er i fjellet han høyrer heime, seier Jon Arild Jøingsli som hadde besøk av reinen i helga.
Har blitt ein maskot
Det var ein gong ein liten villreinkalv som gjekk seg vill.
Medan resten av flokken heldt seg høgt oppe i Reinheimen og Breheimen, fann denne vesle krabaten vegen heilt ned til bygda i november i fjor.
Sidan har han halde seg i området mellom Dønfoss og Jøingslie. I staden for å sakne fjellet, har kalven funne seg godt til rette blant menneske.
Han klatrar på folk, blir med turgåarar til bilen og har blitt fast maskot på Dønfoss camping.
Sist fredag dukka han plutseleg opp heime hjå Jøingsli og familien i Nordberg. Der slo han seg til ro og vart over helga.
– Han kom plutseleg ruslande og gav seg til. Heilt spesielt. Det var stas for ungane og ei ære å ha besøk av han, fortel Jøingsli.
Han har hatt besøk av ein reingjetar som slo fast at den kontaktsøkjande gjesten er ein fjorkalv – ein liten bukk. Jøingsli fortel at han oppførte seg meir som eit kjæledyr enn eit vilt dyr.
– Når ungane herja rundt han, så egla dei han opp. Han var som ein hund, seier Jøingsli.
Jon Arild Jøingsli hadde besøk av Rudolf
Ein uvanleg turkamerat
Sjølv om besøket var triveleg, syntest Jøingsli det var heilt ok da bukken takka for seg sundag kveld.
Han ser, i likskap med kommunen, at det kan bli problem dersom villreinen blir verande.
– Det er fint at han reiste vidare, for det er i fjellet han høyrer til.
For kort tid sidan fekk ein turgåar seg ei overrasking. Sjølv om han prøvde å jage kalven vekk, nekta den vesle villreinen å sleppe taket. Han slo like godt følgje med turgåaren heilt ned att til bilen.
– Han er heilt tam, nærgåande og kontaktsøkande, skriv Tor Taraldsrud i Skjåk kommune i eit brev til styresmaktene.
Vart påkøyrd
Sjølv om kalven er snill, har han begynt med ein uvane som kan virke skremmande: Han går opp på bakbeina og «klatrar» på folk for å få merksemd.
I tillegg skaper det hovudbry at han trivst så godt langs vegen. I vinter vart han påkøyrd av ein bil.
Utruleg nok kom han frå det utan skader, men kommunen fryktar nå for tryggleiken både til kalven og folk i trafikken.
Skyss til fjells
Tor Taraldsrud og Skjåk kommune sett ned foten: Eventyret i bygda må ta slutt, og kalven må heim til fjellet.
Kommunen har søkt om lov til å fange inn kalven for å flytte han. Sidan han er så tam, trur dei det skal gå fint å leie han inn i ein vanleg hestehengar.
Planen er å køyra han opp til Aursjoen eller Breiddalen, slik at han kan finne vegen tilbake til ein av dei store villreinflokkane.
Det er også vurdert å leie han til fjells til fots, men det byr på ei heilt eiga utfordring.
– Problemet blir å bli kvitt han når ein skal ned att, skriv Taraldsrud.
Siste utveg
Sjølv om alle håpar på ein lykkeleg slutt der kalven finn att sine eigne, er det eit alvor bak planen.
Dersom flytteforsøket ikkje lukkast, eller han blir for nærgåande og farleg, kan avliving bli aktuelt. Men det er siste utveg presiserer Taraldsrud.
Smartembed for https://www.gd.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=118873