Herold

Rykker ut til mogleg brann i køyretøy

Plus
Kilde: Firda Author: Sanne Slåtten Published: 2026-05-12 14:43:45
Rykker ut til mogleg brann i køyretøy

Klokka 16.43 melder 110 Vest at dei rykker ut etter melding om mogleg brann i eit køyretøy.

Bussen skal stå på eit busstopp langs Strynevegen. Det skal ikkje vere fare for spreiing, melder 110 Vest.

Klokka 16.50 melder brannvesenet at dei er framme på staden. Det er snakk om ein russebuss.

– Det er ingen røyk no, men det lukter litt svidd, opplyser Hadeland.

Han fortel at dei som var i russebussen har brukt eit pulverapparat før brannvesenet kom til staden.

Klokka 17.41 melder politiet at det var snakk om varmgang i ein kabel i bussen.

– Det har ikkje vore eld, berre røykutvikling, opplyser Jan Børge Misje, operasjonsleiar.

Brannvesenet kopla frå batteriet og busseigar tar sjølv kontakt med bilbergar. Det blir ikkje oppretta sak.

🏷️ Extracted Entities (4)

Vest (entity) Hadeland (place) Jan Børge Misje (person) Strynevegen (entity)