Vi vil ikkje at byen vår skal bli omringa av øydelagt natur!
Plus
Ja til utvikling og arbeidsplassar.
Nei til rasering og nedbygging av natur.
Det blei ei kortvarig glede for innbyggarane i Florø i arbeidet med å redde naturen og byen vår frå å bli fullstendig øydelagt!
For det er ei øydelegging av Florø sin identitet som er i ferd med å skje hvis vi ikkje tek grep og seier til politikarane våre at å bygge ned Måsholmen ikkje er greit. Vi vil ikkje at byen vår skal bli omringa av øydelagt natur!
Vi las i Firdaposten 22.04.26, at Statsforvaltar oppheva Kinn kommune sitt vedtak om å avslutte planprosessen for Måsholmen. Ein representant vart vurdert som innhabil etter å ha opptrått feil i sakshandsaminga og burde derfor ikkje ha delteke. Statsforvaltaren peika også på at ein ikkje kan utelukke at same representant derfor kunna ha påverka både saka og utfallet. Kva då med dei politikarane som fekk lov å bruke stemma si, til tross for at dei har fleire roller i saka?
Vi undrar oss over dette?
I Forvaltningslovens §6 første ledd, jf. Kommuneloven §10-11 står det å lese: En folkevalgt er inhabil dersom han er leder eller har ledende stilling i eller er medlem av styret i et selskap som er «part i saken».
Korleis kan då leiar i hamnestyret stå som avsender av planforslag om nedbygging av Måsholmen, deretter handsame saka i Plan-og miljøutvalet, der vedkommande også er leiar og til slutt vere med å handsame saka i kommunestyret?
Vi stiller oss også undrande til at både politikarar, kommune og utbyggarar tek så lett på advarslar frå fagfolk som til dømes losane. Dei presiserer og dokumenterer at Kai G på basen er det beste alternativet og at Måsholmen er ueigna som containerhamn.
I eit lesarinnleggfrå Cargill i Firdaposten såg vi til vår store forundring at dei plutseleg har fått behov for meir areal. Vi har forstått saka slik at dei har nok areal slik kommunen og grunneigar nyleg har tilrettelagt for i Gunhildvågen etter ønske frå mellom anna Cargill. Det er nok ei ny containerhamn dei vil ha, men den kaia ligg klar inne på basen, er eigd av Florø Hamn og heiter Kai G.
Vi kan ikkjemed vår beste vilje forstå at trafikkforholda i sentrum og Havreneset vil betre seg med ei ny containerhamn på Måsholmen. Etter våre berekningar vil vel tungtrafikken heller auke? Eit godt alternativ må vere at containarane går med elektriske shuttlebåtar mellom Gunhildvågen og Kai G og vert transportert vidare derfrå. Då slepp vi tungtrafikken i sentrum.
Hamnesjefen uttalar seg i avisa 06.05.26 om at dei ikkje har kommunisert behovet for Måsholmen tydeleg nok? Kva står i dette innlegget som dei ikkje har kommunisert før? Vi ser ingen nye argument for ei utbygging her.
Vi etterlyser derfor den uhilda behovsanalysen over prosjektet som vi går ut frå ligg til grunn for heile Måsholmensaka. Finnast det ei slik behovsanalyse? Kan innbyggarane få sjå den?
Når det gjeld økonomien i dette prosjektet lurer vi på kven som får rekninga til slutt? Blir det vi som bur her i kommunen som skal oppleve kutt og nedleggingar i andre sektorar for å betale for Måsholmenprosjektet? Vi ber om at det blir utarbeidd ei uhilda samfunnsøkonomisk analyse for prosjektet som viser kven som skal betale kva og at ei slik analyse blir gjort kjend for innbyggarane før vidare handsaming av saka.